APA 6 eksempelsamling

APA-stilen baserer seg på kjeldetilvisingar i form av parentesar i teksten. Kvar gong du refererer til ei kjelde, skriv du inn ein parentes med opplysningar om forfattar, årstal og sidetal. Til slutt i teksten skal alle kjeldene førast opp i ei utfyllande litteraturliste som er ordna alfabetisk etter forfattaren sitt etternamn.

Du kan vise til ei kjelde ved å bruke anten direkte sitat eller indirekte sitat.

Eksempelsamlinga vår byggjer Publication Manual of the American Psychological Association (6. utg.) og Norsk APA-manual. Klikk på den aktuelle kjeldetypen for å finne ut korleis tilvisinga og innførselen i litteraturlista skal setjast opp.

NB! APA brukar hengande innrykk (hengemarg) i litteraturlista dersom siteringa strekkjer seg over meir enn éi linje. Dette viser dessverre ikkje i eksempelsamlinga.

Om du ikkje finn det du leitar etter i eksempelsamlinga, kan du sjekke Kildekompasset eller APA Style Blog.