APA bokmelding, filmmelding
Bokmelding
I TEKSTEN:
Dette er noko som kjem tydeleg fram i boka (Teige, 2009, s. 719).
Premissen om statslause samfunn kan heilt klart diskuterast (Harpeviken, 2009, s. 32).
I LITTERATURLISTA:
Teige, E. (2009). [Bokmelding av Ellisif Wessel: En biografi, av S. Wikan]. Historisk tidsskrift, 88(4), 719–723. Henta frå http://www.idunn.no/ts/ht
I eksempelet ovanfor manglar sjølve bokmeldinga tittel. Henta frå den elektroniske utgåva av tidsskriftet.
Harpviken, K. B. (2009). Afghanistan-konflikten i perspektiv. [Bokmelding av Afghanistan og Taliban, av F. Barth]. Prosa, 15(1), 32–34.
Denne bokmeldinga har eigen tittel. Henta frå tidsskrift i trykt utgåve.
Filmmelding
I TEKSTEN:
Max Manus vert karakterisert som ein konvensjonell krigsfilm ... (Westell, 2009, s. 72).
Det ser ut til at Larsson sin særeigne dramaturgi har gitt regissøren hovudbry (Hobbelstad, 2009).
I LITTERATURLISTA:
Westell, G. (2009). [Filmmelding av Max Manus, 2008]. Sight and Sound, 19(7), 72.
Filmmelding frå tidsskrift. Sjølve filmmeldinga manglar tittel.
Ta med utgivingsår etter filmtittelen, hugs komma mellom tittel og år.
Hobbelstad, I. M. (2009, 12. mars). Smart action, anonym helt. [Filmmelding av Menn som hater kvinner, 2009]. Dagbladet. Henta frå https://web.retriever-info.com/services/archive.html
Filmmelding med eigen tittel, meldinga er henta frå ei avis.