APA direkte sitat
Eit direkte sitat er ei ordrett attgjeving av ei kjelde. Det vil seie at det du siterer alltid skal vere heilt likt kjelda du siterer frå, både når det gjeld ord og teiknsetjing. Når du brukar direkte sitat, skal tilvisinga i teksten alltid innehalde etternamnet til forfattaren, utgivingsåret og sidetalet som sitatet er henta i frå.
Kort sitat (mindre enn 40 ord):
Eit kort sitat på mindre enn 40 ord skal skrivast i løpande tekst med sitatteikn (hermeteikn).
Døme:
«Jevnaldrendes innflytelse og jevnaldergruppenes form varierer med sosial klasse, lokalkultur og generelle nasjonale og kulturelle rammer» (Frønes, 2006, s. 167).
eller:
«Jevnaldrendes innflytelse og jevnaldergruppenes form varierer med sosial klasse, lokalkultur og generelle nasjonale og kulturelle rammer», seier Ivar Frønes (2006, s. 167).
Langt sitat (40 ord eller meir):
Når du brukar direkte sitat på 40 ord eller meir, skal du ikkje bruke sitatteikn. I staden skal du starte sitatet på ei ny linje, det skal skrivast med innrykk, og gjerne også med ei blank linje før og etter sitatet. I følgje APA skal ein bruke dobbel linjeavstand, men i mange fagmiljø er det meir vanleg å bruke enkel linjeavstand. Sjekk med rettleiaren din korleis du skal gjere det.
Døme:
Dette er tydelege kjenneteikn ved det moderne samfunnet:
Det moderne samfunnet omtales ofte som kunnskapssamfunnet eller kvalifikasjons-samfunnet. Med dette menes ikke bare at det er utviklet et samfunn som krever kunnskap og kvalifikasjoner, men at institusjonene for kunnskapsforvaltning, vitenskap og kvalifisering har en sentral posisjon. Utdanningssamfunnet er ikke bare et samfunn som krever utdanning av flere og flere – og der stadig flere får utdanning – det er også et samfunn der utdanningsinstitusjonene spiller en stadig viktigere rolle. Samfunnet har beveget seg fra vekt på energi og mekanikk til informasjon og kunnskap. (Frønes, 2006, s. 148)
Alternativt kan du innleie sitatet med å nemne forfattar og år. Då fører du opp berre sidetalet i parentesen bak sitatet.
Frønes (2006) seier følgjande:
Utdanningssamfunnet er ikke bare et samfunn som krever utdanning av flere og flere – og der stadig flere får utdanning – det er også et samfunn der utdanningsinstitusjonene spiller en stadig viktigere rolle. Samfunnet har beveget seg fra vekt på energi og mekanikk til informasjon og kunnskap. (s. 148)
Når deler av eit sitat vert utelate:
Dersom du utelét delar av ei sitat, skal det markerast med tre punktum. Døme:
«Privatisering av livsførselen … førte til at lokalofffentligheten i økende grad ble ødelagt» (Frønes, 2006, s. 138).
Dersom du utelèt nokre av orda mellom to siterte setningar, markerer du det med fire punktum. Døme:
Rognaldsen (2008) seier at «tilpasset opplæring er både et middel og et mål …. Dermed er
tilpasset opplæring ikke bare et pedagogisk, men også et politisk begrep» (s. 205).
Skarpe klammer og kursiv:
Når det er føremålsteneleg å legge til ekstra ord i eit sitat, brukar du skarpe klammer. Døme:
«Dermed kan [den enkelte læreren] betegnes som en vitenskapelig praktiker, en
innovatør eller kanskje rett og slett en profesjonell yrkesutøver» (Skogen & Holmberg,
2002, s. 190).
Når det finst kursiv i den opprinnelege teksten, skal det brukast kursiv også i sitatet. Dersom
du sjølv vil utheve noko som ikkje er utheva opprinneleg, må du skrive [mi utheving] like etter
den utheva teksten.