APA-eksempel for nettside, blogg, e-post

Nettside

Dersom du viser til ein heil nettstad utan å sitere noko spesifikt (idear, fakta, ytringar, osv.), er det tilstrekkeleg å ta med URL'en til vevstaden i parentes i teksten når du skriv. Døme: Helsebiblioteket tilbyr norske nettbrukarar fri tilgang til ei rekkje fagressursar innan medisin og helsefag (http://www.helsebiblioteket.no/).

Dersom du derimot  viser til spesifikk informasjon på nettstaden, må du ta med både sitering i teksten og innførsel i litteraturlista.

Det er ikkje nødvendig å ta med lesedato (besøksdato) for vanlege nettsider, men dersom innhaldet på sida vil bli endra ofte, skal lesedato vere med.

I TEKSTEN:

Nettside med personleg forfattar:
Forskingsprosjektet «Familie, arbeid og velferd» viser at auka fødselspermisjon for mor har ei rekkje positive verknader på barna (Ellingsen, 2010).

Nettside utan personleg forfattar, der institusjon/organisasjon står ansvarleg for innhaldet:
... (Leger uten grenser, 2018).

Nettside utan forfattar:
Det skal utviklast eit behandlingsprogram for ungdom som er blitt avhengige av dataspel på nettet («Hekta på WoW», u.å.).

I LITTERATURLISTA:

Merk deg at tittelen på nettsider ikkje skal skrivast i kursiv.

Nettside med personleg forfattar:
Ellingsen, B. (2010, 14. januar). Permisjon gir pluss. Henta frå https://forskning.no/barn-og-ungdom-samliv-velferdsstat/2010/01/permisjon-gir-pluss

Nettside utan personleg forfattar, der institusjon/organisasjon står ansvarleg for innhaldet:
Leger uten grenser. (2018, 2.oktober). Livreddende vaksiner mot kolera i Bangladesh. Henta frå https://legerutengrenser.no/nyheter/kolera-vaksinasjon-i-bangladesh

Nettside utan forfattar:
Hekta på WoW. (u.å.). Henta frå http://www.ung.no/spill/1643_Hekta_p_WoW.html

Dersom du ikkje finn nokon forfattar, brukar du tittelen på sida/artikkelen. Dersom det ikkje finst nokon dato, skriv du u.å. (=utan år).

I ENDNOTE:

Vel «Web page». Fyll ut felt for Author, Year, Title, Last update date (fyllast inn dersom publiseringssdato er oppgitt i tillegg til publiseringsår), evt. Access date, evt. Access Year, URL.

Blogginnlegg

NB! Sitering frå bloggar må brukast med varsemd, ofte finst det betre og meir pålitelege kjelder som du heller bør nytte i arbeidet ditt. Konferer alltid med faglærar før du brukar ein blogg som kjelde!

I TEKSTEN:

I den kunnskapsbaserte forståinga av barnelitteratur, legg ein vekt på at denne typen litteratur også er kunst. (Larsen, 2009).

 Det betyr at det nye profesjonsuniversitetet skal vere yrkesretta (Plinius, 2010).

I LITTERATURLISTA:

Larsen, D. (2009, 17. september). Et aldri så lite håp. [Blogginnlegg]. Henta frå https://forskning.no/content/et-aldri-sa-lite-hap

I tilfelle der bloggaren ikkje brukar sitt verkelege namn, brukar ein bloggnamnet:

Plinius. (2010, 14. januar). Praksisbasert undervisning. [Blogginnlegg]. Henta frå http://plinius.wordpress.com/2010/01/14/p-1110/

I ENDNOTE:

Leggast inn som «Blog».

Fyll ut felta Author, Year, Title of entry, Last update date, Type of medium, og URL.

E-post

I TEKSTEN:

Dette har eg fått opplyst i ein e-post (K. Haugerud, personleg kommunikasjon, 19. januar 2010). 

Før opp initialar og etternamn.

Hugs å be om godkjenning til å bruke opplysningar og sitat frå e-post.

I LITTERATURLISTA:

E-postar tek du ikkje med i litteraturlista, fordi andre ikkje kan finne tilbake til dei.