APA førelesing, munnleg kommunikasjon

Førelesing

Be alltid førelesaren om løyve til å sitere han. Mange førelesarar godtek ikkje at du brukar førelesingar som kjelde.

I TEKSTEN:

Dette fekk vi forklart i ei førelesing om sosiolingvistikk på Høgskulen i Volda (M. Larsen, personleg kommunikasjon, 20. januar, 2010).

I følgje M. Larsen (personleg kommunikasjon, 20. januar, 2010), er dette ei sentral problemstilling ....

Ta med både initialar og etternamn i siteringa.

Hugs å be førelesar om stadfesting på at han/ho er rett gjengitt.

I LITTERATURLISTA:

Førelesingsnotatar og liknande skal kun siterast i teksten. Ein tek dei ikkje med i litteraturlista, fordi andre ikkje kan finne tilbake til dei.

Samtale, telefonsamtale, intervju

I TEKSTEN:

Dette kom fram i ein samtale med  H. K. Holm (personleg kommunikasjon, 10. februar, 2010).

Bedriftsleiinga har eit svært positivt syn på framtida (K. Myrvik, personleg kommunikasjon, 29. januar, 2010).

Ta med både initialar og etternamn i siteringa.

 Be om stadfesting frå samtalepartnar på at han/ho er rett gjengitt.

I LITTERATURLISTA:

Ein tek ikkje med samtalar i litteraturlista, fordi andre ikkje kan finne tilbake til dei.