APA lover og forskrifter

Lover

I TEKSTEN:

....... (Arbeidsmiljøloven, 2005, § 2-2). 

Eg viser her til arbeidsmiljøloven (2005, § 2-2).

Oppgi korttittel og årstal til den opprinnelege lova. Opplysningar om korttittel finst under kvar lov i Lovdata. Dersom du viser til ein bestemt paragraf i lova, skal denne også refererast. Om du viser til lova i løpande tekst utanfor parentesen, skal ho skrivast med liten forbokstav, og tittelen skal ikkje kursiverast.

I LITTERATURLISTA:

Arbeidsmiljøloven. (2005). Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern m.v.  (LOV-2005-06-17-62). Henta frå https://lovdata.no/lov/2005-06-17-62

Lova skal førast inn på korttittel, for samsvar mellom sitering og litteraturliste.

Grunnlaget for opplysningane i litteraturlista finn du i Lovdata. For å finne ein kort URL for lover og forskrifter i Lovdata, klikk på «del dokument» (øvst til høgre).

NB! Fjern URL dersom du viser til den trykte utgåva av Norges lover.

NB! Vis alltid til dato for originallova, med mindre du refererer til ei bestemt endring. Du skal då vise til den aktuelle endringsdatoen.

I ENDNOTE:

Legg inn som «Government document».

Fyll ut følgjande felt:

Author   –  her skriv du inn korttittelen til lova med komma bak. Døme: Arbeidsmiljøloven,
Year
Title   – Merk: I EndNote blir lovtittelen kursivert, dette er feil. Ta bort kursiveringa i litteraturlista til slutt, når EndNote-kodinga i dokumentet er fjerna.
Report number – Døme: LOV-2005-06-17-62
URL

Forskrifter

I TEKSTEN:

I arbeidsplassforskriften (2011, § 2-1) står det at ...

Vis til korttittel. Opplysningar om korttittel finst under kvar forskrift i Lovdata. Dersom du viser til ein bestemt paragraf i forskrifta, skal denne også refererast i teksten. Om du viser til forskrifta i løpande tekst utanfor parentesen, skal ho skrivast med liten forbokstav.

I LITTERATURLISTA:

Arbeidsplassforskriften. (2011). Forskrift om utforming og innretning av arbeidsplasser og arbeidslokaler (FOR-2011-12-06-1356). Henta frå https://lovdata.no/forskrift/2011-12-06-1356

Forskrifta skal førast inn på korttittel, for samsvar mellom sitering og litteraturliste.

Grunnlaget for opplysningane i litteraturlista finn du i Lovdata. For å finne ein kort URL for lover og forskrifter i Lovdata, klikk på «del dokument» (øvst til høgre).

I ENDNOTE:

Legg inn som «Government document».

Fyll ut følgjande felt:

Author   –  her skriv du inn korttittelen til forskrifta med komma bak. Døme: Arbeidsplassforskriften,
Year
Title   – Merk: I EndNote blir tittelen kursivert, dette er feil. Ta bort kursiveringa i litteraturlista til slutt, når EndNote-kodinga i dokumentet er fjerna.
Report number – Døme: FOR-2011-12-06-1356
URL