APA sekundærkjelde

Ofte les vi ein tekst der det vert referert til andre sitt arbeid. Ein hovudregel er at du alltid skal gå til den kjelda det vert vist til – kalla primærkjelda – for så og siterer denne.

I nokre tilfelle er det ikkje mogeleg å få tak i primærkjelda. Då må det i teksten din kome fram at du ikkje har hatt tilgang til den kjelda det vert referert til, og at du  i staden brukar sekundærkjelde. Dette viser du ved å føye til «sitert i» og sidetalet det vert vist til.

Inkluder primærkjelda i den løpande teksten og set sekundærkjelda i parantes.

I TEKSTEN:

Bowlby fann i 1990 (sitert i Sieger, 2002, s. 246) at det heile var …

Forslag til alternative formuleringar:

Sieger (2002, s. 246) referer til Bowlby som hevdar at …

Ifølgje Sieger (2002, s. 246) meiner Bowlby at …

Du bør i størst mogeleg grad nytte primærkjelder for å unngå eventuelle feiltolkingar eller feil.

I LITTERATURLISTA:

Det er berre den kjelda du har brukt (sekundærkjelda) som skal førast opp i litteraturlista.

I dette tilfellet er det såleis berre Sieger som skal førast opp  i litteraturlista.