Artiklar i oppslagsverk: Leksikon, ordbøker o.l.

KJELDA I TEKSTEN

Format:

(Etternamn, år)

Eller dersom artikkelen ikkje har forfattar:

(«Artikkeltittel», år)

Eksempel:

(Hagen, 2018)

(«Rock», 2018)

KJELDA I LITTERATURLISTA

Format for artikkel med forfattar:

Etternamn, A. A. (Oppdaterings- eller publiseringstidspunkt). Tittel: Undertittel. I Tittel på oppslagsverk. https://xxxxx

Format for artikkel utan forfattar:

Tittel: Undertittel. (Oppdaterings-  eller publiseringstidspunkt). I Tittel på oppslagsverk. https://xxxxx

Eksempel:

Hagen, A. (2018, 13. april). Helleristninger. I Store norske leksikon. https://snl.no/helleristninger

Rock. (2018, 1. november). I Store norske leksikon. https://snl.no/rock

Opphavsrett. (u.å.) I Ordnett. https://www.ordnett.no/search?language=no&phrase=opphavsrett

Merknad: I det siste eksempelet manglar oppdaterings-/publiseringstidspunkt. Då skriv ein i staden u.å. (forkorting for «utan år»).

I ENDNOTE

Leggast inn som Encyclopedia.

Fyll ut felta: Author (dersom kjelda har forfattar), Year, Title, Editor (dersom aktuelt), Date, Edition (dersom aktuelt) Encyclopedia title, URL.

For å legge til fleire forfattarar, trykker du enter/linjeskift.

I ZOTERO

Leggast inn som Artikkel i oppslagsverk.

Fyll ut felta: Tittel, Forfattar (dersom kjelda har forfattar), Oppslagsverk, Dato, URL.

Når det er fleire forfattarar, klikk på + til høgre for å legge til fleire.