Bilete, figurar og tabellar
Det er skilnad på å omtale bilete, figurar og tabellar, og å gjengi eller omarbeide dei. Om du berre omtalar bilete og figurar i teksten utan å gjengi dei gjeld vanlege reglar for sitering, sjå eksempel under Omtale av bilete, figurar.
Bilete og figurar som du gjengir eller omarbeider i teksten
Gjengi vil seie å sette inn ein nøyaktig kopi. Omarbeide vil seie å behandle eller bruke ein del av det opprinnelege materialet.
Merk deg:
Dersom du gjengir eller omarbeider bilete, figurar og tabellar laga av andre i din eigen tekst, må du kreditere forfattaren i figur- eller tabellteksten. Der skal du også opplyse om opphavsrettsklarering/lisensvilkår, som for eksempel Creative Commons-lisens eller om du har fått løyve frå forfattaren til å gjengi materialet.
Meir utførleg informasjon om dette finn du i Norsk APA 7.-manual, s. 71–77.
Figurteksten skal innleiast med ei kort beskriving.
Nedanfor finn du eksempel på korleis det kan gjerast for ulike kjeldetypar både i figurtekst og i litteraturliste.
BILETE/FIGUR HENTA FRÅ BOK (OPEN ACCESS)
I tekst over biletet/figuren:
Figur 1: Relativ nettoinnflytting i kommunene
I tekst under biletet/figuren:
Frå Hvorfor vokser steder? Og hvordan kan utviklingen påvirkes? (s. 42), av K. Vareide, 2018. Cappelen Damm Akademisk (https://doi.org/10.23865/noasp.32). CC BY 4.0.
I litteraturlista:
Referer til boka:
Vareide, K. (2018). Hvorfor vokser steder? Og hvordan kan utviklingen påvirkes? Cappelen Damm Akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.32
BILETE/FIGUR HENTA FRÅ TIDSSKRIFTARTIKKEL (OPEN ACCESS)
I tekst over biletet/figuren:
Figur 3: Didaktisk pyramide
I teksten under biletet/ figuren:
Frå «Conditions for academic learning for students receiving special education,» av G. N. Reite & P. Haug, 2019, Nordisk tidsskrift for pedagogikk & kritikk, 5, s. 284 (https://doi.org/10.23865/ntpk.v5.1640). CC BY 4.0.
I litteraturlista:
Referer til artikkelen:
Reite, G. N. & Haug, P. (2019). Conditions for academic learning for students receiving special education. Nordisk tidsskrift for pedagogikk & kritikk, 5, 281–298. https://doi.org/10.23865/ntpk.v5.1640
TABELL HENTA FRÅ TIDSSKRIFTARTIKKEL (GJENGITT MED LØYVE FRÅ UTGIVAR)
I tekst over tabellen:
Tabell 1: Mislykka behandling
I teksten under tabellen:
Frå «Unsuccessful treatments of “writer’s block”: A meta-analysis,» av D. C. McLean & B. R. Thomas, 2014, Psychological Reports, 115, s. 277 (https://doi.org/10.2466/28.PR0.115c12z0). Copyright 2014 Sage Publications. Gjengitt med løyve.
Merk deg: På heimesida til tidsskriftet finst informasjon om at ein tillet gjenbruk av inntil tre figurar/tabellar i akademiske oppgåver.
I litteraturlista:
Referer til artikkelen:
McLean, D. C. & Thomas, B. R. (2014). Unsuccessful treatments of “writer’s block”: A meta-analysis. Psychological Reports, 115(1), 276–278. https://doi.org/10.2466/28.PR0.115c12z0
BILETE HENTA FRÅ NETTSIDE MED CREATIVE COMMONS-LISENS
I teksten over biletet:
Figur 2: Studying
I teksten under biletet:
Studying [Fotografi], av Stephen S., 2006, Flickr (https://flic.kr/p/sdUQ7). CC BY 4.0
I litteraturlista:
Steven S. (2006). Studying [Fotografi]. Flickr. https://flic.kr/p/sdUQ7
BILETE DU HAR TEKE SJØLV
Ta med skildring, stad og dato
Eksempel:
I teksten over biletet:
Figur 1: Utsikt frå Rotsethornet
I teksten under biletet:
Utsikt frå Rotsethornet [Fotografi], Volda 5. oktober 2020.
Ingen innførsel i litteraturlista.
Omtale av bilete, figurar
Dersom du har skildra, omtalt eller tolka bilete/figurar i teksten utan å gjengi dei, gjeld vanlege reglar for sitering. Her treng du altså ikkje tenkje på problematikken rundt opphavsrett.
EKSEMPEL
Kjelda i teksten:
(Henriques, 1958)
... måleriet «Det syke barn» av Edvard Munch (Lande, 1998, s. 20)
(Munch, 1885–1886)
(Samferdelsdepartementet, 2016)
Kjelda i litteraturlista:
Henriques, B. (1958). American actress Marilyn Monroe at home [Fotografi]. Magnum Photos. https://www.magnumphotos.com/artsculture/fashion/housecoats-bathrobes-dressinggowns-rosalind-jana-fashion-archive-style/
Lande, M. (1998). Munch for barn. ScandMedia.
Munch, E. (1885–86). Det syke barn [Måleri]. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Oslo, Noreg. http://samling.nasjonalmuseet.no/no
Samferdselsdepartementet (2016). Samferdselsbudsjettet 2017 [Infografikk]. Regjeringen. https://www.regjeringen.no/no/dokument/dep/sd/statsbudsjettet/statsbudsjettet-2017/statsbudsjettet-2017---grafiskpresentasjon/id2514839