Bok med 2 forfattarar
KJELDA I TEKSTEN
Format:
(Etternamn til første forfattar & Etternamn til andre forfattar, år, s. sidetal)
Merk deg:
Begge forfattarane skal nemnast kvar gong du siterer kjelda.
Du kan skrive forfattarnamna utanfor parentesen for variasjonen sin del. Då bruker du «og» mellom namna.
Eksempel:
(Solhaug & Børhaug, 2012, s. 45)
Solhaug og Børhaug peikar på at ... (2012, s. 45).
KJELDA I LITTERATURLISTA
Format:
Etternamn, A. A. & Etternamn, B. B. (År). Tittel: Undertittel (utg. dersom anna enn første utgåve). Forlag.
Eksempel:
Skaalvik, E. M. & Skaalvik, S. (2018). Skolen som læringsarena: Selvoppfatning, motivasjon og læring (3. utg.). Universitetsforlaget.
Solhaug, T. & Børhaug, K. (2012). Skolen i demokratiet – demokratiet i skolen. Universitetsforlaget.
Merk deg:
Dersom boka du har brukt er første utgåve, skal ikkje opplysningar om utgåve takast med. Om det gjeld ei bok som har kome i fleire utgåver, skal du føre opp utgåveopplysningar og utgivingsår for den aktuelle utgåva du har brukt.
I ENDNOTE
Leggast inn som Book.
Fyll ut felta: Author, Year, Title, evt. Edition, Publisher
For å legge til fleire forfattarar, trykker du enter/linjeskift.
I ZOTERO
Leggast inn som Bok.
Fyll ut felta: Tittel, Forfatter, evt. Utgave, Utgiver, Dato
Klikk på + til høgre for å legge til fleire forfattarar.