Bok utan redaktør, kapittel av enkeltforfattarar

Det er her snakk om ei bok med fleire forfattarar, utan at det er oppført nokon redaktør. Kapitla er skrivne av ein eller fleire av forfattarane som er oppførte på boka sitt tittelblad. Så lenge det ikkje er snakk om ei redigert bok, kan ein ikkje føre opp kjelda som enkeltkapittel verken i teksten eller i litteraturlista, slik som ein gjer ved «Bok med redaktør, kapittel av enkeltforfattarar».

I tilvisinga til kjelda i teksten må du bruke oppsettet for Bok med 2 forfattarar eller Bok med 3–20 forfattarar. Dersom du vil trekkje fram forfattaren av enkeltkapittelet, må du gjere dette i sjølve teksten, og ikkje i tilvisinga i parentesen. Sjå eksempelet nedanfor.

KJELDA I TEKSTEN

Format ved to forfattarar: 

(Etternamn til første forfattar & Etternamn til andre forfattar, år, s. sidetal)

Format ved 3–20 forfattarar:

(Etternamn på første forfattar et al., år, s. sidetal)

Merk deg:

Du kan kreditere forfattaren av kapittelet du siterer frå i sjølve teksten, utanfor parentesen.

Eksempel:

Som Manger forklarer i kapittelet om motivasjon og læring i skulen ... (Lillejord et al., 2013, s. 145–150).

KJELDA I LITTERATURLISTA:

Format ved 2 forfattarar:

Etternamn, A. A. & Etternamn, B. B. (År). Tittel: Undertittel (utg. dersom anna enn første utgåve). Forlag.

Format ved 3–20 forfattarar:

Etternamn, A. A., Etternamn, B. B., Etternamn, C. C. & Etternamn, D. D. (År). Tittel: Undertittel (utg. dersom anna enn første utgåve). Forlag.

Eksempel:

Lillejord, S., Manger, T. & Nordahl, T. (2013). Livet i skolen 2. Grunnbok i pedagogikk og elevkunnskap: Lærerprofesjonalitet (2. utg.). Fagbokforlaget.

I ENDNOTE

Leggast inn som Book.
Fyll ut felta: Author, Year, Title, evt. Edition, Publisher

For å legge til fleire forfattarar, trykker du enter/linjeskift.

I ZOTERO

Leggast inn som Bok.
Fyll ut felta: Tittel, Forfatter, evt. Utgave, Utgiver, Dato

Klikk på + til høgre for å legge til fleire forfattarar.