Dikt
Det er ingen spesielle retningslinjer for å referere til dikt, det er avhengig av kjelda som du har funne diktet i. Du kan sitere heile dikt om du analyserer eller diskuterer diktet i teksten din. Du bør ikkje sitere heile dikt som pynt eller stemningssetting i oppgåva eller teksten.
KJELDA I TEKSTEN
Eksempel:
I diktet «Ord over grind» skriv Halldis Moren Vesaas (1998, s. 215) …
KJELDA I LITTERATURLISTA
Eksempel:
Vesaas, H. M. (1998). Dikt i samling (2. utg). Aschehoug.