Doktorgradsavhandling
KJELDA I TEKSTEN
Format:
(Etternamn, år, s. sidetal)
Eksempel:
(Festøy, 2020, s. 98)
KJELDA I LITTERATURLISTA
Format for trykt avhandling:
Etternamn, A. A. (År). Tittel: Undertittel [Doktorgradsavhandling]. Institusjon/Utgivar.
Eksempel:
Steinnes, G. S. (2014). Profesjonalitet under press? Ein studie av førskulelærarar si meistring av rolla i lys av kvalifiseringa til yrket og arbeidsdelinga med assistentane [Doktorgradsavhandling]. Høgskolen i Oslo og Akershus.
Merk deg:
Ved trykte avhandlingar utgitt på forlag, skal forlaget stå på utgivarplassen.
Format for avhandling på internett:
Etternamn, A. A. (År). Tittel: Undertittel [Doktorgradsavhandling, Institusjon]. Namn på nettstad/publiseringsarkiv. https://xxxxx
Eksempel:
Festøy, A. R. F. (2020). Vilkår for læring for elevar på 1.–4. steg med vedtak om spesialundervisning [Doktorgradsavhandling, Høgskolen i Innlandet]. Brage. http://hdl.handle.net/11250/2640609
I ENDNOTE
Leggast inn som Thesis.
Trykt: Fyll ut felta: Author, Year, Title, University og Thesis type.
Frå internett: Fyll ut felta: Author, Year, Title, Thesis type, Name of Database og URL.
Merk deg: I feltet for «Thesis type» legg du også inn institusjonsnamnet.
I ZOTERO
Leggast inn som Avhandling.
Trykt: Fyll ut felta: Tittel, Forfatter, Type (her skriv du Doktorgradsavhandling), Universitet, Dato.
Frå internett: Fyll ut felta: Tittel, Forfatter, Type (her skriv du Doktorgradsavhandling), Universitet, Dato, URL, Arkiv (her skriv du namn på vitenaarkivet, td. BRAVO eller DUO).