KI som verktøy i skriveprosessen

Kjeldetilvising med KI

Hugs følgjande:

  • Du må ha med ei utgreiing eller forklaring om korleis du har brukt verktøyet i teksten.
  • Utgreiinga kan vere under metodedelen eller i introduksjonen.
  • Du skal også inkludere både den teksten («prompten») du skreiv inn og den teksten som blei generert av verktøyet.
  • Dersom teksten som blei generert er lang, kan du vurdere å inkludere den som eit vedlegg.
  • Husk at dersom du vel å nytte vedlegg, må du vise til dette minst ein gong i teksten.
  • Undersøk hva som er tillate ved ditt institutt/studium dersom du vurderer å nytte KI.

Eksempel på bruk av KI i tekst:

Då ChatGTP fekk spørsmålet «Er det fusk å bruke kunstig intelligens (KI) i ei akademisk oppgåve?», svarte den at det er eit omstridt tema. Legitim bruk kan mellom anna vere å bruke KI som eit verktøy i forsking og dataanalyse, medan det er fusk dersom KI blir brukt til å generere innhald som i neste omgang blir framstilt som studenten sitt sjølvstendige arbeid (OpenAI, 2024). I eit oppfølgingsspørsmål om korleis KI kan nyttast i forsking og dataanalyse, var naturleg språkbehandling (NLP) og automatisering av tidkrevande oppgåver noko av det som blei trekt fram (OpenAI, 2024, sjå vedlegg A for fullstendig transkripsjon).

Kjelda i kjeldelista:

OpenAI. (2024). ChatGTP (20. april-versjon) [Stor språkmodell]. https://chat.openai.com/

KI som verktøy i skriveprosessen  - fallgruver:

  • All tekst som du leverer inn til vurdering skal vere skriven av deg.
  • Samtaleroboten kan generere innhald som ligg nær opp til originale kjelder, det er ditt ansvar å passe på at du ikkje bryt opphavsretten. Det blir rekna som fusk (plagiat) å bruke andre sine kjelder utan å ha tilstrekkelege kjeldetilvisingar.
  • Dersom du brukar tekst generert av språkmodellar (som ChatGPT og BingChat) kan dette bli rekna som fusk.
  • Du kan ikkje stole på informasjonen samtaleroboten gir deg, du må være kjeldekritisk og vite noko om eit tema sjølv for å kunne vurdere svara du får generert. Sjekk alltid informasjonen mot ei truverdig kjelde!
  • Eksempel på feil som samtaleroboten genererer er kjeldetilvisingar som ikkje eksisterer, altså bøker, artiklar og liknande som ikkje finst i verkelegheita.

KI som verktøy i skriveprosessen - moglegheiter:

  • Kan vere nyttig for å støtte skriveprosessen og utvikle skrivekompetanse, spesielt ved lese- og skrivevanskar og for dei som ikkje skriv på morsmålet sitt. 
  • Det er ikkje meininga at KI skal gi deg eit «svar» eller ein ferdig tekst, men den kan utvikle idear du sjølv har skapt.
  • KI kan bli brukt som samtalepartnar, for eksempel ved «spissing» av problemstilling.
  • Den kan også gi deg ein kort oversikt over eit lengre innhald slik at du raskare finn essensen i ein tekst.
  • For fleire tips, sjå Søk og skriv si side om bruk av KI