Kunstig intelligens (KI)

Retningslinjene for bruk av kunstig intelligens i eksamensoppgåver og andre skriftlege innleveringar ved Høgskulen i Volda seier følgjande:

«Ved eksamenar og andre skriftlege innleveringar der det er tillate med alle hjelpemiddel, kan du bruke KI-hjelpemiddel som til dømes ChatGPT, så lenge det ikkje er spesifisert noko anna i emneplanen, eller i oppgåva. Det er viktig å hugse at eksamenssvar skal vere eigne og ikkje kopierte frå andre kjelder, og det blir rekna som fusk (plagiat) å nytte seg av kjelder utan å ha tilstrekkelege kjeldetilvisingar.»

Informasjonen er henta frå Høgskulen i Volda si side om Fusk.

KJELDA I TEKSTEN

Format:

(Rettshavar/Firma, år)

Eksempel:

(OpenAI, 2024)
 

Merk deg: For tekst generert av kunstig intelligens (KI) må du beskrive i teksten din korleis du har brukt KI-verktøyet, og ta med det du skreiv inn  i «prompten» og det du fekk ut av verktøyet, eventuelt i eit vedlegg.

Meir informasjon om korleis du kan nytte KI i skriveprosessen finn du her


KJELDA I LITTERATURLISTA

Format:

Rettshavar/Firma. (År). Tittel på programvare (Versjon) [Stor språkmodell]. Utgivar. https://url

Eksempel:

OpenAI. (2024). ChatGTP (20. april-versjon) [Stor språkmodell]. https://chat.openai.com/

Merk deg:

  • Beskriv i klammeparentes kva type kunstig intelligens eller verktøy det er snakk om.
  • Utgivar skal sløyfast dersom rettshavar/firma og utgivar er det samme.


I ENDNOTE

Leggast inn som Computer program.

Fyll ut felta Programmer (dvs. firmaet her), Year, Title, Publisher, Version, Type, URL.

I ZOTERO

Leggast inn som Programvare.

Fyll ut felta Tittel, Programmerer, Versjon, System (her legg du inn type KI/verktøy), Selskap, URL