Kva er nytt i APA 7?

 

  • Utgivingsstad skal ikkje førast opp i litteraturlista.
    Eksempel:
    Gamlem, S. T. M. (2015). Tilbakemelding for læring og utvikling. Gyldendal akademisk.
     
  • Ved tre eller fleire forfattarar, skal berre første forfattar et al. (med fleire) nemnast i teksttilvisinga.
    Det vil seie at 3–5 forfattarregelen går ut.
    Eksempel: 
    (Sødal et al., 2020, s. 50–55)
     
  • Når det er inntil 20 forfattarar i referansen, skal alle førast opp i litteraturlista. 
    Tidlegare skulle ein føre opp alle namna ved inntil 7 forfattarar. For kjelder med 8 eller fleire forfattarar, skulle ein føre opp dei seks første følgt av utelatingsteikn ... og siste forfattar.
     
  • Når det er 21 eller fleire forfattarar, tek du med dei 19 første i litteraturlista, følgt av utelatingsteikn ... og siste forfattar.
    Sjå APA 7 eksempelsamling, Tidsskriftartikkel med 21 eller fleire forfattarar og Bok med 21 eller fleire forfattarar.
     
  • Tidlegare førte ein opp Meldingar til Stortinget etter departement. I APA 7 skal dei førast opp etter serietittel.
    • Døme på sitering i teksten:
      ... (Meld. St. 20 (2009-2010), s. 49)
    • Døme på innførsel i kjeldelista:
      Meld. St. 20 (2009-2010). Omorganisering av ABM-utvikling. Kulturdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/Meld-St-20-20092010/id608202/
    • Proposisjonar og innstillingar skal førast opp etter samme mal som ovanfor. Sjå APA 7 eksempelsamling, Stortinget - Meldingar, Proposisjonar og Innstillingar.
       
  • «Henta frå» skal vanlegvis ikkje brukast før URL.
    Unntak:
    • Nettsider med krav om lesedato/hentedato. Gjeld sider som vert oppdaterte svært ofte, og der det verken finst dato for siste oppdatering eller arkiverte versjonar av sida.
      Eksempel: Henta 2. oktober 2020 frå https://xxxxx
    • Nettsider utan datering, der ein må skrive u.å. i staden for publiseringstidspunkt. Sjå APA 7 eksempelsamling, Nettside for meir informasjon.