Læreplan
Eksempelsamlinga følgjer råda gitt på nettsida: Hvordan referere til læreplanene? (udir.no)
Merk deg:
- Kunnskapsløftet består av fleire deler, bl.a.: Overordna del, Læreplanar for fag og Prinsipp for opplæring.
- Det varierer om det er departementet eller Udir som skal stå som forfattar. Korrekte opplysningar om utgivar og dato finn du ved å laste ned PDF-versjonen av læreplanen på udir.no.
- Dersom den aktutelle læreplanen er fastsett med forskrift av Kunnskapsdepartementet, er det Kunnskapsdepartementet som er forfattar.
- Dersom den aktuelle læreplanen er fastsett med forskrift av Utdanningsdirektoratet, er det Utdanningsdirektoratet som er forfattar.
- Når sidetal ikkje finst, skal du skrive kapittel/ del og/ eller avsnittsnummer i tilvisinga.
KJELDA I TEKSTEN
Format:
(Departement/Direktorat, årstal for publisering, s. sidetal)
Eksempel:
(Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 7)
(Utdanningsdirektoratet, 2020, s. 5)
KJELDA I LITTERATURLISTA
Format:
Departement/direktorat. (Årstal for publisering). Tittel. Fastsett som forskrift ved kongeleg resolusjon/Fastsett ved forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://xxxxx
Eksempel 1:
Kunnskapsdepartementet. (2017). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Fastsett som forskrift ved kongeleg resolusjon. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/verdier-og-prinsipper-for-grunnopplaringen/id2570003/
Eksempel 2:
Kunnskapsdepartementet. (2019). Læreplan i norsk (NOR01-06). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nor01-06?lang=nob
Eksempel 3:
Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i Vg1 helse- og oppvekstfag (HSF01-03). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/hsf01-03
I ENDNOTE
Leggast inn som Government Document.
Fyll ut felta: Author, Title, Year, Report Number (læreplankode) og URL.
Hugs komma på slutten av author, slik at organisasjonsnamn samansett av fleire ord ikkje blir snudd om på (invertert).
I ZOTERO
Leggast inn som Nettside.
Fyll ut felta: Tittel, Forfatter, Nettsidens tittel, Dato, URL.
Sjekk Zotero-sidene våre – Registrere kjelder i Zotero for meir informasjon om korleis du gjer det.
Hugs å velje eitt felt i forfattarfeltet, slik at organisasjonsnamn samansett av fleire ord ikkje blir snudd om på (invertert).