Musikkopptak – album
KJELDA I TEKSTEN
Format:
(Artist eller komponist, utgivingsår/innspelingsår)
Eksempel:
(Tord Gustavsen trio, 2003)
(Mozart, 1785/2019)
Merk deg:
Dersom opprinneleg utgivingsår og innspelingsår er forskjellige, skal begge førast opp i parentesen i teksten.
KJELDA I LITTERATURLISTA
Format moderne verk:
Artist. (Utgivingsår). Tittel på album [Album]. Utgivar.
Eksempel:
Tord Gustavsen trio. (2003). Changing places [Album]. EMI.
Format klassisk verk:
Etternamn til komponisten, A. A. (Utgivingsår). Tittel på album [Album]. Utgivar. (Opprinneleg utgivingsår dersom annleis enn innspelingsår)
Eksempel:
Mozart, W. A. (2019). Piano concertos no. 21, C major 467, no. 25, C major K. 503 [Album innspelt av Maria Tipo og Pro Musica Orchestra Vienna]. VOX. (Opprinneleg utgitt 1785)
Merk deg:
Det er ikkje nødvendig å føre opp korleis du høyrde på albumet, om det var CD, Spotify eller liknande.