Personleg kommunikasjon (førelesingar, e-post, o.l.)

KJELDA I TEKSTEN

Førelesingsnotatar, e-postar, tekstmeldingar, samtalar o.l. som ikkje er tilgjengelege for andre, skal refererast som personleg kommunikasjon. Det same gjeld f.eks. historiar og direktesendingar på Facebook og Instagram som ikkje blir arkiverte nokon stad. Bruk denne typen kjelder med varsemd, og berre når du ikkje finn den nødvendige informasjonen andre stader.

Vis til kven du har snakka med, kvifor dette er relevant (tilknytinga personen har til materialet du behandlar) og tidspunkt for når du snakka med vedkomande. Be personen du snakka med godkjenne at han/ho blir sitert og at du siterer korrekt.

Ikkje bruk personleg kommunikasjon for å sitere eller gi informasjon frå intervjuobjekt i dine eigne forskingsdata. 

Eksempel:

… (M. Larsen, personleg kommunikasjon, 18. september 2020)

M. Larsen (personleg kommunikasjon, 18. september 2020) påpeika i ein e-post at ...

KJELDA I LITTERATURLISTA

Skal ikkje vere med i litteraturlista.