Sosiale medium

Blogginnlegg

KJELDA I TEKSTEN

Format:

(Etternamn til forfattar, år)

Eksempel:

(Kosberg, 2020)

KJELDA I LITTERATURLISTA

Format:

Etternamn, A. A. (År, dato). Tittel på artikkelen: Undertittel. Bloggtittel. https://xxxxx

Eksempel:

Kosberg, E. (2020, 8. mars). Arbeid med roman i norskfaget: Tante Ulrikkes vei. Skoletanker: Fra en lærers hverdag. http://evakosberg.blogspot.com/2020/03/arbeid-med-roman-i-norskfaget-tante.html

I ENDNOTE

Leggast inn som Blog.
Fyll ut felta: Author, Year, Title of Entry, Title of WebLog, Date, URL.

I ZOTERO

Leggast inn som Blogginnlegg.

Fyll ut felta: Tittel, Forfatter, Bloggtittel, Dato, URL

Merk deg:

Datofeltet får feil format frå Zotero og må korrigerast manuelt i Word heilt til slutt, etter at du har laga ein kopi av dokumentet med Unlink Citations.

Facebook

TILFELLE DER DU IKKJE SKAL FØRE OPP KJELDA I LITTERATURLISTA

Dersom ein bestemt person eller institusjon brukar Facebook for å profilere seg og du ønsker å seie noko generelt om dette, treng du ikkje lage innførsel i kjeldelista. Det er tilstrekkeleg å nemne det i teksten.

Eksempel: 
Jonas Gahr Støre brukar Facebook (https://www.facebook.com/jonasgahrstore) for å ...

Siter ein historie el. livestream som ikkje blir arkivert og som ikkje kan bli attfunnen på annan måte utanfor Facebook som personleg kommunikasjon.

FACEBOOKSIDE – EKSEMPEL

Dersom du vil analysere ein facebookprofil med underliggande sider, kan du gjere det slik:

I teksten:

(Arbeiderpartiet, u. å.)

I litteraturlista:

Arbeiderpartiet (u.å.). Innlegg [Facebookside]. Facebook. Henta 11. november 2022 frå https://www.facebook.com/Arbeiderpartiet

  • Skriv (u. å.) sidan sida ikkje viser til noko spesifikt år el. dato.
  • Ta med tittel på sida, f.eks. Innlegg, OmOmtaler.
  • Før opp type post/innlegg i skarpe klammer, i dette tilfellet [Facebookside].
  • Før opp Facebook som namn på nettstaden.
  • Ta med hentedato sidan innhaldet vil endre seg over tid og ikkje blir arkivert.
  • Ta med URL.

FACEBOOK STATUSOPPDATERING – EKSEMPEL

I teksten:

(Folkehelseinstituttet, 2022)

(Kristjánsson, 2022)

I litteraturlista:

Folkehelseinstituttet (2022, 7. september). Beskyttelse eller vaksinasjon avtar over tid. Dette gjelder særlig for eldre. Vi ser at beskyttelsen mot å bli alvorlig syk [Bilete lagt ved] [Statusoppdatering]. Facebook. https://m.facebook.com/story.php?story_fbid=pfbid02XQTsqFjxfxhvWuGPb4PyoAK9EqHN2feB85QBova1Rrf3PvxAyUyXC6CXdgef4ffDl&id=100068914222298&sfnsn=mo

Kristjánsson, M. (2022, 30. oktober). Det er mye som er opprørende og skummelt med nazi-demonstrasjonen i Oslo. Men en ting som bare er latterlig [Statusoppdatering]. Facebook. https://m.facebook.com/story.php?story_fbid=pfbid0cjrZcTc8yVPoreTVn7FXe9qd8AASFuJMFsrKuk1bu62nwBZ4evopbzh9rcdPoWful&id=529775497

  • Ta med dato.
  • Ta med dei 20 første orda av innlegget som tittel. Ein URL, hashtag eller emoji tel som eitt ord kvar. Emojiar skal ikkje kursiverast.
  • Dersom eit innlegg inneheld bilete, videoar eller innhald frå eit anna innlegg, skal dette markerast i skarpe klammer, f. eks. [Bilete lagt ved]
  • Før opp type post/innlegg, som i dette tilfellet er [Statusoppdatering]
  • Før opp Facebook som namn på nettstaden.
  • Ta med URL.

VIDEO PUBLISERT PÅ FACEBOOK – EKSEMPEL

I teksten:

(Den Norske Turistforening (DNT), 2020)

I litteraturlista:

Den Norske Turistforening (DNT). (2020, 25. april). Slik holder du deg varm i teltet [Video]. Facebook. https://www.facebook.com/turistforeningen/videos/10157924205801971/

 

Instagram

TILFELLE DER DU IKKJE SKAL FØRE OPP KJELDA I LITTERATURLISTA

Dersom ein bestemt person eller institusjon brukar Instagram for å profilere seg og du ønsker å seie noko generelt om dette, treng du ikkje lage innførsel i kjeldelista. Det er tilstrekkeleg å nemne det i teksten.

Eksempel:
Forsvaret driv aktiv marknadsføring og brukar Instagram (https://www.instagram.com/forsvaret/?hl=nb) som ein av fleire kanalar ...

Siter ein historie el. livestream som ikkje blir arkivert og som ikkje kan bli attfunnen på annan måte utanfor Instagram som personleg kommunikasjon.

INSTAGRAMBILETE – EKSEMPEL

Kjelda i teksten: 

(Høgskulen i Volda, 2022)
(Skaug, 2022)

Kjelda i litteraturlista:

Høgskulen i Volda [@hivolda]. (2022, 4. august). Ruller du snart inn i Volda og lurer på kva som skjer første dag av semesteret? Sjekk ut hivolda.no/studiestart for [Fotografi]. Instagram. https://www.instagram.com/p/Cg1PX47IGF0/?igshid=MDJmNzVkMjY=

Skaug, T. [@trygveskaug]. (2022, 10. oktober]. Du spør hvordan det går og jeg lurer på om jeg en dag skal fortelle deg at jeg ikke vet [Fotografi]. Instagram. https://www.instagram.com/p/CjiyeAPMzLO/?igshid=MDJmNzVkMjY=

  • Før opp brukarnamn eller gruppenamn [@brukarnamn i kortform] og dato.
  • Ta med dei 20 første orda av innlegget som tittel med [Fotografi] i skarpe klammer bak.
  • Ein URL, hashtag eller emoji tel som eitt ord kvar i tittelen. Emojiar skal ikkje kursiverast.
  • Før opp Instagram som nettstad.
  • Ta med URL.

INSTAGRAMVIDEO – EKSEMPEL

Kjelda i teksten: 

(Høgskulen i Volda, 2022)

Kjelda i litteraturlista:

Høgskulen i Volda [@hivolda]. (2022, 9. august). Framleis ledige studieplassar på nettstudiet Bachelorutdaning i religion og kultur. Søk i dag! [Video]. Instagram. https://www.instagram.com/reel/ChCD1oxoen-/?igshid=MDJmNzVkMjY=

  • Før opp brukarnamn eller gruppenamn [@brukarnamn i kortform] og dato.
  • Ta med dei 20 første orda av innlegget som tittel med [Video] i skarpe klammer bak.
  • Ein URL, hashtag eller emoji tel som eitt ord kvar i tittelen. Emojiar skal ikkje kursiverast.
  • Før opp Instagram som nettstad.
  • Ta med URL.

INSTAGRAMPROFIL – EKSEMPEL

Dersom du vil analysere ein Instagramkonto/Instagramprofil kan du gjere slik:

Kjelda i teksten:

(Swift, u. å.)

Kjelda i litteraturlista:

Swift, T. [@taylorswift]. (u. å.). Innlegg. [Instagramprofil]. Instagram. Henta 11. november 2022 frå https://www.instagram.com/taylorswift

Swift, T. [@taylorswift]. (u. å.). Tagget. [Instagramprofil]. Instagram. Henta 11. november 2022 frå https://www.instagram.com/taylorswift

  • Før opp brukarnamn eller gruppenamn [@brukarnamn i kortform]
  • Skriv (u. å.) sidan sida ikkje viser til noko spesifikt år el. dato.
  • Bruk namnet på profilsida du vil sitere som tittel på kjelda, for eksempel Innlegg ellerTagget.
  • Ta med [Instagramprofil] i skarpe klammer bak tittelen.
  • Før opp Instagram som nettstad.
  • Ta med hentedato sidan innhaldet vil endre seg over tid og ikkje blir arkivert.
  • Ta med URL.

 

TikTok

TIKTOK VIDEO – EKSEMPEL

Kjelda i teksten:

(Cook, 2021)
(Girl in red, 2022)

Kjelda i litteraturlista:

Cook, P. [@chemteacherphil]. (2021, 17. september). Fighting fire with fire. #sciencetok #learnontiktok [Video]. TikTok.  
https://www.tiktok.com/@chemteacherphil/video/7008953610872605957

Girl in red [@girlinred]. (2022, 16. oktober). Word play beautiful u get it?? [Video]. TikTok. https://www.tiktok.com/@girlinred/video/7155129844324470021

  • Før opp brukarnamn [@brukarnamn i kortform] og dato.
  • Bruk dei 20 første orda av den beskrivande teksten som tittel. Hashtagar og emojiar tel som eitt ord kvar og skal takast med dersom dei er blant dei 20 første orda. 
  • Emojiar i tittelen skal ikkje kursiverast.
  • Skriv [Video] i skarpe klammer bak tittelen.
  • Før opp TikTok som nettstad.
  • Ta med URL.

TIKTOK PROFIL – EKSEMPEL

Dersom du vil analysere ein TikTok-profil kan du føre kjeldene slik:

Kjelda i teksten:

(The Rock, u.å.)
(Witherspoon, u. å.)

Kjelda i litteraturlista:

The Rock [@therock]. (u.å.). CEO of #RockTok [TikTok-profil]. TikTok. Henta 22. februar 2022 frå https://tiktok.com/@therock

Witherspoon, R. [@reesewitherspoon]. (u.å.). [TikTok-profil]. TikTok. Henta 18. februar 2022 frå https://tiktok.com/@reesewitherspoon

  • Før opp brukarnamn [@brukarnamn i kortform]
  • Skriv (u. å.) sidan sida ikkje viser til noko spesifikt år el. dato.
  • Bruk dei 20 første orda av den beskrivande teksten i profilen som tittel med [TikTok-profil] i skarpe klammer bak tittelen.
  • Dersom beskrivande tekst manglar, hoppar du over dette elementet og skriv berre [TikTok-profil] i skarpe klammer.
  • Før opp TikTok som nettstad.
  • Ta med hentedato sidan innhaldet vil endre seg over tid og ikkje blir arkivert.
  • Ta med URL.

X

TILFELLE DER DU IKKJE SKAL FØRE OPP KJELDA I LITTERATURLISTA

Dersom ein bestemt person eller institusjon brukar X for å profilere seg og du ønsker å seie noko generelt om dette, treng du ikkje lage innførsel i litteraturlista. Det er tilstrekkeleg å nemne det i teksten.

Eksempel:
Det Norske Teatret brukar X (https://X.com/detnorsketeatre) for å halde alle interesserte oppdatert på dei ulike arrangementa og framsyningane sine.

INNLEGG – EKSEMPEL

Kjelda i teksten:

(Fonn, 2022)

Kjelda i litteraturlista:

Fonn, M. K. [@MariaKjosFonn]. (2022, 27. oktober). Hvorfor kalte jeg boka mi Heroin chic og ikke Stoff & Stil? [Innlegg]. X. https://X.com/MariaKjosFonn/status/1585605788537655296?t=AJWt1HG3OWcdZYStZ4ZHaw&s=09

  • Før opp brukarnamn [@brukarnamn i kortform] og dato.
  • Bruk dei 20 første orda i meldingsteksten som tittel. Ein URL, hashtag eller emoji tel som eitt ord kvar. Emojiar skal ikkje kursiverast.
  • Skriv [Innlegg] i skarpe klammer bak tittelen.
  • Før opp X som nettstad.
  • Ta med URL.

X-KONTO - EKSEMPEL

Dersom du vil analysere ein X-konto kan du gjere det slik:

Kjelda i teksten:

(Politiet i Møre og Romsdal, u. å.)

Kjelda i litteraturlista:

Politiet i Møre og Romsdal [@PolitiMRpd]. (u. å.). Innlegg [X-profil]. X. Henta 14. november 2022 frå https://X.com/PolitiMRpd?t=dInAvcEmwm-UDSBFPv3THA&s=09

  • Før opp brukarnamn [@brukarnamn i kortform]
  • Skriv (u. å.) sidan sida ikkje viser til noko spesifikt år el. dato.
  • Bruk Innlegg som tittel. Evt. Innlegg og svar, Medier eller Liker.
  • Skriv [X-profil] i skarpe klammer bak tittelen.
  • Før opp X som nettstad.
  • Ta med hentedato sidan innhaldet vil endre seg over tid og ikkje blir arkivert.
  • Ta med URL.