Tidsskriftartikkel med 2 forfattarar
KJELDA I TEKSTEN
Etternamnet til begge forfattarane skal nemnast kvar gong. Bruk «&» mellom namna inne i parentesen.
Format:
(Etternamn til første forfattar & Etternamn til andre forfattar, år, s. sidetal)
Eksempel:
(Haugen & Villa, 2005, s. 213)
Merk deg:
Om du nemner forfattarnamna utanfor parentesen, brukar du «og» mellom namna:
Haugen og Villa (2005, s. 225) viser at ...
KJELDA I LITTERATURLISTA
Format:
Etternamn, A. A. & Etternamn, B. B. (År). Artikkeltittel: Undertittel.Tidsskrifttittel, årgangnr/volum(heftenr/issue), sidespenn. https://doi.org/doinummer
Merk deg:
Ta med DOI viss det finst for artikkelen. Om artikkelen manglar DOI men har URL (nettadresse), skal URL-en førast opp i staden i dei tilfella der artikkelen ligg ope tilgjengeleg. Om du har funne artikkelen i ein database der ein må ha abonnement for å få tilgang, skal ikkje URL-en førast opp.
Om informasjon som årgang/volum, hefte/issue eller sidetal manglar, skal desse utelatast frå referansen.
Sidetal/sidespenn innleiast utan s.
Opplysning om volum/årgang skal stå i kursiv, men ikkje opplysningar om heftenummer/issue.
Eksempel:
Haugen, M. S. & Villa, M. (2005). Naboskap i bygda. Sosiologisk tidsskrift,13(3), 213–231.
Soto, C. J., & John, O. P. (2017). The next big five inventory (BFI-2): Developing and assessing a hierarchical model with 15 facets to enhance bandwidth, fidelity, and predictive power. Journal of Personality and Social Psychology, 113(1), 117–143. https://doi.org/10.1037/pspp0000096
I ENDNOTE
Leggast inn som Journal article.
Fyll ut felta: Author, Year, Title, Journal, Volume, Issue, Pages, DOI eller URL
Merk deg: For å legge inn fleire forfattarar trykker du enter/linjeskift mellom kvar forfattar.
I ZOTERO
Leggast inn som Tidsskriftsartikkel.
Fyll ut felta: Tittel, Forfatter, Publikasjon, Volum, Nummer, Sider, Dato, DOI eller URL
Merk deg: For å legge inn fleire forfattarar trykkjer du på plussteiknet i feltet for forfattar.