Tidsskriftartikkel med 21 eller fleire forfattarar
KJELDA I TEKSTEN
Format:
(Etternamn til første forfattar et al., år, s. sidetal)
Eksempel:
(Wiskunde et al., 2019, s. 1940–1942)
KJELDA I LITTERATURLISTA
I litteraturlista fører du opp dei 19 første forfattarane etterfølgt av , ... og deretter siste forfattar.
Format:
Etternamn, A. A., Etternamn, B. B., Etternamn, C. C, Etternamn, D. D., Etternamn, E. E., Etternamn, F. F., Etternamn, G. G., Etternamn, H. H., Etternamn, I. I., Etternamn, J. J., Etternamn, K. K., Etternamn, L. L., Etternamn, M. M., Etternamn N. N., Etternamn, O. O., Etternamn, P. P., Etternamn, Q. Q., Etternamn, R. R., Etternamn, S. S., … Etternamn, Å. Å. (År). Artikkeltittel: Undertittel. Tidsskrifttittel i kursiv, årgangnr/volum(heftenr/issue), sidespenn. https://doi.org/<doinummer
Merk deg:
Ta med DOI viss det finst for artikkelen. Om artikkelen manglar DOI men har URL (nettadresse), skal URL-en førast opp i staden i dei tilfella der artikkelen ligg ope tilgjengeleg. Om du har funne artikkelen i ein database der ein må ha abonnement for å få tilgang, skal ikkje URL-en førast opp.
Om informasjon som årgang/volum, hefte/issue eller sidetal manglar, skal desse utelatast frå referansen.
Sidetal/sidespenn innleiast utan s.
Opplysning om volum/årgang skal stå i kursiv, men ikkje opplysningar om heftenummer/issue.
Eksempel:
Wiskunde, B., Arslan, M., Fischer, P., Nowak, L., Van den Berg, O., Coetzee, L., Juárez, U., Riyaziyyat, E., Wang, C., Zhang, I., Li, P., Yang, R., Kumar, B., Xu, A., Martinez, R., McIntosh, V., Ibáñez, L. M., Mäkinen, G., Virtanen, E., . . . Kovács, A. (2019). Indie pop rocks mathematics: Twenty One Pilots, Nicolas Bourbaki, and the empty set. Journal of Improbable Mathematics, 27(1), 1935–1968. https://doi.org/10.0000/3mp7y-537
I ENDNOTE
Leggast inn som Journal article.
Fyll ut felta: Author, Year, Title, Journal, Volume, Issue, Pages, DOI eller URL
Merk deg: For å legge inn fleire forfattarar trykker du enter/linjeskift mellom kvar forfattar.
Du må redigere forfatterlista i slike referansar manuelt i Word: Når du er heilt ferdig med å sette inn referansar, lagar du ein kopi av dokumentet med Convert to plain text. Deretter kan du slette forfattarar frå lista og sette inn …
I ZOTERO
Leggast inn som Tidsskriftsartikkel.
Fyll ut felta: Tittel, Forfatter, Publikasjon, Volum, Nummer, Sider, Dato, DOI eller URL
Merk deg: For å legge inn fleire forfattarar trykkjer du på plussteiknet i feltet for forfattar.