Tidsskriftartikkel med 3-20 forfattarar
KJELDA I TEKSTEN
Format:
(Etternamn til første forfattar et al., år, s. sidetal)
Eksempel:
(Hairston et al., 2011, s. 1373)
KJELDA I LITTERATURLISTA
Alle forfattarane skal takast med.
Format:
Etternamn, A. A., Etternamn, B. B., Etternamn, C. C., Etternamn, D. D., Etternamn, E. E. & Etternamn, F. F. (År). Artikkeltittel: Undertittel. Tidsskrifttittel, årgangnr/volum(heftenr/issue), sidespenn. https://doi.org/<doinummer>
Merk deg:
Ta med DOI viss det finst for artikkelen. Om artikkelen manglar DOI men har URL (nettadresse), skal URL-en førast opp i staden i dei tilfella der artikkelen ligg ope tilgjengeleg. Om du har funne artikkelen i ein database der ein må ha abonnement for å få tilgang, skal ikkje URL-en førast opp.
Om informasjon som årgang/volum, hefte/issue eller sidetal manglar, skal desse utelatast frå referansen.
Sidetal/sidespenn innleiast utan s.
Opplysning om volum/årgang skal stå i kursiv, men ikkje opplysningar om heftenummer/issue.
Eksempel:
Hairston, I. S., Waxler, E., Seng, J. S., Fezzey, A. G., Rosenblum, K. L. & Muzik, M. (2011). The role of infant sleep in intergenerational transmission of trauma. Sleep, 34(10), 1373–1383. https://doi.org/10.5665/SLEEP.1282
I ENDNOTE
Leggast inn som Journal article.
Fyll ut felta: Author, Year, Title, Journal, Volume, Issue, Pages, DOI eller URL
Merk deg: For å legge inn fleire forfattarar trykker du enter/linjeskift mellom kvar forfattar.
I ZOTERO
Leggast inn som Tidsskriftsartikkel.
Fyll ut felta: Tittel, Forfatter, Publikasjon, Volum, Nummer, Sider, Dato, DOI eller URL
Merk deg: For å legge inn fleire forfattarar trykkjer du på plussteiknet i feltet for forfattar.