Unngå plagiering

Plagiering vil seie å bruke andre sine formuleringar, tekstar, idéar, bilete og liknande, utan å lage presise kjeldetilvisingar. Det er svært viktig at du i skriftlege arbeid alltid viser til dei kjeldene du har brukt. Dersom du ikkje gjer det, kan du bli tatt for plagiat og fusk. Merk deg at det også vert rekna som plagiat dersom du siterer eigne arbeid utan å vise til kjelda. Alle studentar som leverer eksamensarbeid og oppgåver, pliktar å setje seg inn i regelverket.

Det er to former for plagiat: Tilsikta og utilsikta plagiering

Tilsikta plagiering:

  • Omarbeide tekst frå bøker eller artiklar utan å vise til kjelde
  • Kopiere og lime frå nettsider
  • Låne frå andre sine oppgåver for å legge til tekst

Utilsikta plagiering:

  • Du veit ikkje når og korleis du skal vise til kjelder
  • Du omformulerer ikkje kjelda godt nok, slik at den liknar for mykje på originalteksten
  • Du brukar eigne tidlegare arbeid, utan å vise til kjelde

Informasjon om korleis du skal sitere korrekt finn du i APA 7 eksempelsamling.

Det er også lurt å sjå informasjonsfilmen der Roar Stokken (HVO) med fleire forklarer juks og plagiat: