Dele kjelder med andre
For å kunne skrive saman med andre og dele kjelder, må du og dei du deler med først registrere dykk med brukarkonto i Zotero. Deretter må det lagast ei gruppe som de kan dele.
Korleis lage brukarkonto i Zotero (film)
Følg desse trinna for å lage brukarkonto:
- I Zotero klikkar du på Rediger, Innstillinger, Synkronisering.
- Klikk på Opprett konto.
- Fyll ut skjemaet og klikk på Registrer.
- Du får ein e-post der du må validere e-post-adressa. Når det er gjort, går du tilbake til Zotero.
- Logg deg på med brukarnamn eller e-post og passord. Klikk på OK.
- I Zotero-biblioteket klikkar du på den runde grøne pila oppe til høgre for å synkronisere.
- Eit alternativ til å opprette brukarkontoen frå Zotero-programmet er å gå til Zotero.org og gjere det der. Framgangsmåten er stort sett den samme.
Korleis dele kjelder i Zotero (film)
Følg desse trinna for å lage eit gruppebibliotek du kan dele:
- I Zotero klikkar du på den brune boksen med eit grønt plussteikn oppe til venstre.
- Vel Ny gruppe…
- Du blir sendt vidare til Zotero sine nettsider. Logg inn, gi eit namn til gruppa, og vel om den skal vere privat (kun inviterte deltakarar) eller ikkje.
- Klikk på Create Group.
- Legg til medlemmer i gruppa under Members Settings og Send More Invitations. Skriv inn e-post-adressa til dei som skal vere med i gruppa (dette må vere same e-post-adresse som dei har brukt til å registrere seg som brukar).
- Dei du har invitert vil få ein e-post (sjekk også søppelpost) der dei først må klikke på lenka og deretter på Join.
- Gå til Zotero og klikk på synkroniser (den runde grøne pila oppe til høgre), da skal den nye gruppa dukke opp i lista til venstre.
- For å legge inn kjelder i den nye gruppa, gå til Mitt bibliotek og vel dei kjeldene du ønskjer og dra dei over i den nye gruppa.
- Klikk på synkroniser, og kjeldene vil vere synleg for alle medlemmane i gruppa.