Dele kjelder med andre

For å kunne skrive saman med andre og dele kjelder, må du og dei du deler med først registrere dykk med brukarkonto i Zotero. Deretter må det lagast ei gruppe som de kan dele. 

Film - Korleis lage brukarkonto i ZoteroKorleis lage brukarkonto i Zotero (film)

 

 

 

 

Følg desse trinna for å lage brukarkonto:

  • I Zotero klikkar du på Rediger, Innstillinger, Synkronisering
  • Klikk på Opprett konto.
  • Fyll ut skjemaet og klikk på Registrer.
  • Du får ein e-post der du må validere e-post-adressa. Når det er gjort, går du tilbake til Zotero.
  • Logg deg på med brukarnamn eller e-post og passord. Klikk på OK.
  • I Zotero-biblioteket klikkar du på den runde grøne pila oppe til høgre for å synkronisere.
  • Eit alternativ til å opprette brukarkontoen frå Zotero-programmet er å gå til Zotero.org og gjere det der. Framgangsmåten er stort sett den samme.

Film - Korleis dele kjelder i ZoteroKorleis dele kjelder i Zotero (film)

 

 

 

 

Følg desse trinna for å lage eit gruppebibliotek du kan dele:

  • I Zotero klikkar du på den brune boksen med eit grønt plussteikn oppe til venstre.
  • Vel Ny gruppe…
  • Du blir sendt vidare til Zotero sine nettsider. Logg inn, gi eit namn til gruppa, og vel om den skal vere privat (kun inviterte deltakarar) eller ikkje.
  • Klikk på Create Group.
  • Legg til medlemmer i gruppa under Members Settings og Send More Invitations. Skriv inn e-post-adressa til dei som skal vere med i gruppa (dette må vere same e-post-adresse som dei har brukt til å registrere seg som brukar).
  • Dei du har invitert vil få ein e-post (sjekk også søppelpost) der dei først må klikke på lenka og deretter på Join.
  • Gå til Zotero og klikk på synkroniser (den runde grøne pila oppe til høgre), da skal den nye gruppa dukke opp i lista til venstre.
  • For å legge inn kjelder i den nye gruppa, gå til Mitt bibliotek og vel dei kjeldene du ønskjer og dra dei over i den nye gruppa.
  • Klikk på synkroniser, og kjeldene vil vere synleg for alle medlemmane i gruppa.