Søk med «plug-in» til nettlesaren for å finne opne versjonar av artiklar
Det er mogeleg å søke på nettet med «plug-in» til nettlesaren for å finne opne versjonar av artiklar. Søk slik du er vant til, til dømes i Google Scholar, og bruk «plug-ins» til nettlesaren som viser deg kvar du eventuelt finn opne versjonar av ein artikkel (desse verktøya må først lastast ned og installerast i nettlesaren din).
Vi tilrår ein av desse:
Unpaywall (for Chrome og Firefox): Verktøy som leier deg til ein open versjon av artikkelen du ønskjer å lese, dersom dette finst.
Open Access Button (for Chrome, Firefox og Safari): Verktøy til å finne opne versjonar av artiklar, samt å sende førespurnader til artikkelforfattarar om å eigenarkivere ein låst artikkel i eit ope fagleg eller institusjonelt arkiv.
Google Scholar Button (for Chrome og Firefox): Verktøy som gjer det enklare å bruke Google Scholar til å finne fulltekstartiklar.