Databasar og artiklar

Oria
Digital inngang til alle trykte og elektroniske ressursar i biblioteket.

Academic Search Elite
Fulltekstbase med tilgang til vitskaplege og generelle tidsskrift innan samfunnsvitskap, humaniora, språk og litteratur, kunst, teknologi og naturvitskap.

Atekst, Retriever
Fulltekst mediearkiv frå Retriever med artiklar frå norske aviser, blad og nyhendebyrå. Merk! Dersom det står Retriever Logg inn, må du laste inn sida på nytt (F5 eller Ctrl+r).
Rettleiingsfilm: Finne avisartiklar i Retriever.
Merk: For ein del aviser er ikkje nyaste innhald tilgjengeleg (såkalla leseforsinkelse): Oversikt over kva aviser det gjeld for og når innhald er tilgjengeleg.

BrowZine
Ein teneste som gir deg enkel tilgang til alle e-tidsskrifta som Høgskulen i Volda abonnerer på. I ditt eige bibliotek i BrowZine kan du legge inn favorittane dine og få god oversikt over det du interesserer deg for. Brukarrettleiing på YouTube.

Google Scholar
Google sin søkemotor for vitskapeleg litteratur (artiklar, bøker, rapportar og avhandlingar). Inkluderer også dokument frå dei opne arkiva til norske og utanlandske universitet og forskingsinstitusjonar. Erstattar ikkje fagdatabasane, men kan vere ein bra stad å starte litteratursøk. Har også siteringssøk.

Idunn
Norske og nordiske tidsskrift i fulltekst frå Universitetsforlaget.

JSTOR
Arkiv over internasjonale vitskapelege tidsskrift i fulltekst. Dekkjer normalt ikkje dei siste 3-5 åra av eit tidsskrift.

Nasjonalbibliotekets Nettbibliotek (nb.no) 
Her finn du mellom anna norske digitaliserte aviser, bøker og tidsskrift. Det er mogeleg å få tilgang til digitalt materiale som ikkje ligg ope tilgjengeleg. Vitskapeleg tilsette får direkte tilgang med Feide-innlogging. Studentar må først logge inn med Feide-id og deretter søke tilgang. Meir informasjon finn du her: Tilgang til digitalt materiale frå Nasjonalbiblioteket

Norart
Referansar til artiklar i norske og nordiske tidsskrift og årbøker innan alle fagområde, hovudsakeleg frå 1980-2020.

SAGE Premier
Fullteksttilgang til SAGE sine vitskaplege tidsskrift innan ulike fagområde, mellom anna mediefag.

Surveybanken
Her kan du finne, analysere og laste ned data frå spørreundersøkingar. Inneheld 750 000 spørsmål frå meir enn 3000 spørreundersøkingar tilbake til 1957.

Web of Science
Inneheld referansar til artiklar frå leiande tidsskrift innan vitskap, teknikk, samfunnsfag og humaniora. Gir informasjon om kvar og kor ofte ein artikkel er sitert.