E-bøker
Korleis finne e-bøker
Søk i Oria
E-bøker finn du ved å søke i Oria og deretter filtrere på e-bøker under Materialtype. For å få tilgang utanfor campus, må du logge deg på Feide-tilgang.
Bokpakken Ebook Central
HVO har abonnement på e-bokpakken EbookCentral med nesten 200 000 titlar. Alle desse er tilgjengelege via Oria, men du kan også søke direkte i EbookCentral. For desse e-bøkene må ein bruke Feide-tilgang også på campus. Dei er berre tilgjengelege for studentar og tilsette ved HVO.
Bokpakkar frå SpringerLink
I tillegg har vi abonnement på eit utval pakkar frå SpringerLink:
- Mathematics and Statistics
- Behavioral Science and Psychology
- Education
- History
- Literature
- Media and Culture
- Political Science and International Studies
- Religion and Philosophy
- Social Sciences
Frå desse pakkane har vi tilgang til e-bøker frå 2018 og framover. Desse kan også søkast opp i Oria og krev Feide-tilgang utanfor campus.
SpringerLink har også eit utval av Open Access-bøker.
Andre fagbøker som er ope tilgjengelege (Open Access):
DOAB Directory of Open Access Books
Norske:
Bøker frå Cappelen Damm Forskning
Bøker frå Universitetsforlaget
Koleis bruke e-bøker
- Du kan lese e-bøker direkte i nettlesar eller laste dei ned til PC/Mac/mobil/nettbrett og lese dei offline.
- Ei nedlasta e-bok er tilgjengeleg i ein avgrensa periode, som eit vanleg boklån. Når lånetida på e-boka har gått ut, må du laste den ned på nytt for ein ny periode. NB! Dette gjeld ikkje alle e-bøker, men er avhengig av leverandør.
- Fleire e-bokleverandørar tillèt at du lastar ned heile e-boka, men det kan også vere restriksjonar på tal på sider eller kapittel.
- Nokre leverandørar krev at du installerer eit leseprogram som t.d. Adobe Digital Editions for å laste ned e-boka. Dette treng ein ikkje gjere for å lese e-boka direkte i nettlesar.
Utskrift
- Det er mogleg å skrive ut frå e-bøker, men det varierer kor mange sider som er tillate. Her er det den enkelte e-bokleverandøren som bestemmer vilkåra.
Tips og triks
Bruke to skjermar:
Å bruke éin skjerm til både lesing og tekst/notat kan fort bli slitsamt. Bruk to skjermar dersom du kan. Brukar du t.d. nettbrett/mobil og datamaskin, kan du lese på den eine og skrive på den andre.
Dele dataskjermen i to:
Dersom du ikkje har meir enn éin skjerm, kan du dele skjermen din i to slik at du har tekstdokument og e-boka opne på skjermen samtidig. Då brukar du tast med Windows-symbol + piltast høgre/venstre for å tilpasse vindua du vil ha opne samtidig.
Ta notatar, understreke, m.m.:
Det vil vere litt ulike måtar å gjere det på avhengig av type e-bok/leverandør. Sjå rettleiingane nedanfor for meir informasjon:
Korleis bruke E-bøker frå EbookCentral
Korleis bruke e-bøker i pdf-format
Dei fleste e-bøkene må du opne eller lastar ned som pdf. For å kunne ta notat m.m. må du lagre pdf-fila på eige område (den opnar seg som regel berre i nettlesar).
Nye e-bøker i biblioteket
De nyaste e-bøkene vi har aktivert / kjøpt inn ligg på denne sida.