Bok med redaktør, evt. både redaktør og forfattarar

KJELDA I TEKSTEN

Format:

(Redaktør, år, s. sidetal)

Eksempel.

(Haug, 2006, s. 55)

KJELDA I LITTERATURLISTA

Format:

Etternamn til redaktør, A. A. (Red.). (År). Tittel (utg. viss anna enn første utgåve). Forlag.

Eksempel:

Haug, P. (Red.). (2006). Begynnaropplæring og tilpassa undervisning: Kva skjer i klasserommet? Caspar forlag.

Merk deg:

Her vert det vist til heile boka. Dersom referansen berre gjeld kapittel/artikkel i ei bok med redaktør, sjå eksempelet  Bok med redaktør – kapittel av enkeltforfattarar

Merk deg:

Om ei bok har både redaktør og forfattar, tek du i litteraturlista med (Red.) bak namnet på den/dei som har redaktørfunksjon.

Eksempel: Berg, A. (Red.), Seljebø, M. E. & Vold, L. B. (2019). Kroppen som fundament for læring: Teori, kartlegging, stimulering og tiltak. Gyldendal.

I ENDNOTE

Leggast inn som Edited book.
Fyll ut felta: Editor, Year, Title, evt. Edition og Publisher.

Merk deg:

Dersom boka har både forfattar og redaktør, må du redigere informasjonen manuelt i Word heilt til slutt, etter at du har laga ein kopi av dokumentet med Convert to plain text. Flytt då informasjon om (Red.) over til rett namn.

I ZOTERO

Leggast inn som Bok.
Fyll ut felta: Tittel, Redaktør, evt, Utgåve, Utgiver, Dato.

Merk deg:

Dersom boka har både forfattar og redaktør, må du redigere informasjonen manuelt i Word heilt til slutt, etter at du har laga ein kopi av dokumentet med Unlink Citations. Flytt då informasjon om (Red.) over til rett namn.