Munnleg/utøvande eksamen
Munnleg og utøvande eksamenar er eksamenar der ein ikkje leverer eit digitalt produkt, men har anten ein munnleg eksamen eller ei utøvande prøve, til dømes ei framsyning.
Oppmøtetidspunkt og -stad til slike eksamenar vert fastsett av emneansvarleg.
Nokre digitale eksamenar har munnleg justerande eksamen i etterkant. For desse eksamenane vil karakteren etter munnleg justerande vere det gjeldande resultatet i emnet. Ein vil alltid kunne sjå vektinga av dei ulike eksamensdelane i emneplanen.
Ved munnleg eksamen eller vurdering av praktiske kunnskapar, må krav om grunngjeving framsetjast med ein gong karakteren er kunngjort.
Det er ikkje høve til å klage på vurderinga ved munnlege/praktiske eksamenar som ikkje let seg etterprøve.
Digital munnleg eksamen
Nokre munnlege eksamenar kan vere digitale. I dei tilfella vil det bli nytta Zoom i gjennomføringa av eksamenen. For at dette skal gå føre seg på best mogleg måte, er det nokre ting som er viktig å passe på:
Før digital munnleg eksamen
Utstyr
• Datamaskin: Vi rår til at du bruker ein datamaskin med Windows eller MacOS på munnleg eksamen. Zoom fungerer også bra på nettbrett og mobiltelefon, men desse kan heller brukast som reserveløysing dersom det skulle oppstå problem med datamaskina di.
o Oppdater maskina di ein dag eller to før eksamen for å redusere risikoen for automatisk oppdatering under sjølve eksamen.
• Lydutstyr: Ein rår til å bruke USB-tilkobla utstyr som haudetelefon, høgtalar med mikrofon eller eksternt USB-kamera med mikrofon for best mogleg lydkvalitet. Zoom fungerer også med innebygd mikrofon og høgtalar, men lyden vil då kunne bli dårlegare grunna akustikk og støy frå datamaskina og omgivnadane.
• Kamera: Innebygd kamera i datamaskina/skjermen eller eksternt USB-kamera.
Internett
• Tilkopling: Vi rår til at du brukar kabla internettilkobling under eksamen der det er praktisk mogleg. Om du ikkje har høve for å bruke kabla internettilkobling, vil vi rå til at du plasserer deg så nær trådlaus-ruteren som mogleg.
• Fart: Sjekk nettfarta på https://nettfart.no/. Du bør ha ein opplastingsfart på minimum 1,5 Mbps (megabit per sekund). Det kan vere lurt å tipse andre brukarar av nettverket du er på om at du gjennomfører eksamen, slik at dei kan tilpasse bruken av nettet dersom det er naudsynt.
• Reservenett: Om du mistar internett-tilgang heime, finst det andre alternative måtar å kome seg på nett igjen på, som til dømes å bruke internettdeling via ein mobil eining: https://www.telenor.no/privat/artikler/slik-deler-du-internett/
Installer og test Zoom
• Last ned og installer Zoom-klienten frå denne lenka
• Køyr eit testmøte i Zoom: Gå til https://hivolda.zoom.us/test, vel "Join", "Open Zoom", og følg rettleiinga for å teste utstyret.
Under digital munnleg eksamen
- Omgjevnader: Bruk eit rom der du kan vere aleine utan forstyrrande element. Plasser deg slik at du ikkje har sterkt lys bak deg (lys mot kamera).
- Syt for at andre ikkje bruker mykje av kapasiteten på internettet ditt.
- Virtuell bakgrunn: Sjølv om Zoom har denne funksjonen, rår vi til at du ikkje brukar den. Den kan vere forstyrrande for sensorane.
- Utstyr: Ta omstart av datamaskina di og syt for å avslutte opne program som ikkje er relevant for eksamen.
- Gå inn i Zoom-møtet i god tid før oppgitt klokkeslett med lenka eller meeting ID som du fekk frå faglærar. Då kjem du til eit venterom.
- Ver førebudd på å vise fram legitimasjon med bilete, samt filme heile rommet med kamera for å vise at du er aleine.
Orientering om fusk
Dersom fusk eller forsøk på fusk vert oppdaga, kan det få alvorlege konsekvensar. Det kan føre til annullering av eksamen. I tillegg kan det føre til utestenging frå institusjonen for ein periode på inntil 1 år, samt at retten til å gå opp til eksamen ved andre høgskular eller universitet vert fråtatt. Medverknad til fusk eller forsøk på fusk kan føre til utestenging i tilsvarande periode.
Les meir om dette her.
Brukarstøtte hjå IT-hjelp:
e-post: 5400@hivolda.no
Tlf: 70075400
Finn du ikkje informasjonen du treng?
Kontakt Studentsørvis:
70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no
eller kom innom i opningstida:
måndag-fredag kl. 08.00-15.00
Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset