Oral/practical exams

Oral and/or practical exams are exams where students do not submit a digital product, but has either an oral exam or a performative exam, for example a musical performance. 

Time and place for these exams are determined by the course coordinator. 

Some digital exams are followed by oral adjusting exams. In these courses, the result following the oral adjusting exam is the final result. Grade proporsions are always listed in the course description. 

Students who want a grade explanation following an oral and/or practical/performative exam, must ask for it immediately after receiving the grade. 

Performance on oral or practical exams cannot be verified after the fact, and students may therefore not appeal their grades for these kinds of exams. 

Digital munnleg eksamen

Nokre munnlege eksamenar kan vere digitale. I dei tilfella vil det bli nytta Zoom i gjennomføringa av eksamenen. For at dette skal gå føre seg på best mogleg måte, er det nokre ting som er viktig å passe på:

Før digital munnleg eksamen

Utstyr
•    Datamaskin: Vi rår til at du bruker ein datamaskin med Windows eller MacOS på munnleg eksamen. Zoom fungerer også bra på nettbrett og mobiltelefon, men desse kan heller brukast som reserveløysing dersom det skulle oppstå problem med datamaskina di. 
o    Oppdater maskina di ein dag eller to før eksamen for å redusere risikoen for automatisk oppdatering under sjølve eksamen.
•    Lydutstyr: Ein rår til å bruke USB-tilkobla utstyr som haudetelefon, høgtalar med mikrofon eller eksternt USB-kamera med mikrofon for best mogleg lydkvalitet. Zoom fungerer også med innebygd mikrofon og høgtalar, men lyden vil då kunne bli dårlegare grunna akustikk og støy frå datamaskina og omgivnadane.
•    Kamera: Innebygd kamera i datamaskina/skjermen eller eksternt USB-kamera.
 

Internett
•    Tilkopling: Vi rår til at du brukar kabla internettilkobling under eksamen der det er praktisk mogleg. Om du ikkje har høve for å bruke kabla internettilkobling, vil vi rå til at du plasserer deg så nær trådlaus-ruteren som mogleg.
•    Fart: Sjekk nettfarta på https://nettfart.no/. Du bør ha ein opplastingsfart på minimum 1,5 Mbps (megabit per sekund). Det kan vere lurt å tipse andre brukarar av nettverket du er på om at du gjennomfører eksamen, slik at dei kan tilpasse bruken av nettet dersom det er naudsynt.
•    Reservenett: Om du mistar internett-tilgang heime, finst det andre alternative måtar å kome seg på nett igjen på, som til dømes å bruke internettdeling via ein mobil eining: https://www.telenor.no/privat/artikler/slik-deler-du-internett/ 


Installer og test Zoom
•    Last ned og installer Zoom-klienten frå denne lenka
•    Køyr eit testmøte i Zoom: Gå til https://hivolda.zoom.us/test, vel "Join", "Open Zoom", og følg rettleiinga for å teste utstyret.
 

Under digital munnleg eksamen

  • Omgjevnader: Bruk eit rom der du kan vere aleine utan forstyrrande element. Plasser deg slik at du ikkje har sterkt lys bak deg (lys mot kamera).
  • Syt for at andre ikkje bruker mykje av kapasiteten på internettet ditt.
  • Virtuell bakgrunn: Sjølv om Zoom har denne funksjonen, rår vi til at du ikkje brukar den. Den kan vere forstyrrande for sensorane.
  • Utstyr: Ta omstart av datamaskina di og syt for å avslutte opne program som ikkje er relevant for eksamen.
  • Gå inn i Zoom-møtet i god tid før oppgitt klokkeslett med lenka eller meeting ID som du fekk frå faglærar. Då kjem du til eit venterom.
  • Ver førebudd på å vise fram legitimasjon med bilete, samt filme heile rommet med kamera for å vise at du er aleine.

Orientering om fusk 
Dersom fusk eller forsøk på fusk vert oppdaga, kan det få alvorlege konsekvensar. Det kan føre til annullering av eksamen. I tillegg kan det føre til utestenging frå institusjonen for ein periode på inntil 1 år, samt at retten til å gå opp til eksamen ved andre høgskular eller universitet vert fråtatt. Medverknad til fusk eller forsøk på fusk kan føre til utestenging i tilsvarande periode. 
Les meir om dette her. 

Brukarstøtte hjå IT-hjelp:
e-post: 5400@hivolda.no
Tlf: 70075400