Semestre

AMV125 Digital kommunikasjon

Emnekode: 
AMV125
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar
Om emnet

Godt innhald, brukarvennlegheit, ei god forvaltning av nettstaden og ein tydeleg digital strategi har vorte ein naturleg del av ein vevredaktørs arbeidskvardag. Dette emnet skal gi nødvendig kunnskap, ferdigheiter og haldningar for å betre kunne utøve rolla som vevredaktør og bli meir attraktiv i marknaden.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

 

  • Vevstrategi, måling og vevteknologi
    • Samanheng mellom verksemda sin overordna strategi, digitale strategi og vevstaden
    • Grunnleggande digital marknadsføring
    • Korleis definere gode mål og korleis ein knyt målbare verdiar til måla
    • Ulike verkty for måling
    • Søkemotoroptimalisering
    • Analyse og rapportering
    • Innføring i vevteknologi
    • Ulike publiseringsløysingar
       
  • Brukaroppleving og design
    • Trendar innan vevdesign
    • Teknikkar for kartlegging av brukaren sine behov/oppgåve
    • Viktige designprinsipp
    • Universell utforming
    • Brukartesting og andre metodar for å avdekke problem

 

 

  • Forvalting og innhald
    • Innhaldsdrive forvaltning
    • Ulike redaksjonsmodellar og måtar å organisere vevarbeidet på
    • Verktykasse
    • Innhaldskriterier og innhaldskvalitet
    • Stil og tone
    • Evaluering/Kontinuerlig forbedring
Ferdigheiter

Etter fullført studium skal studentane kjenne til ulike tekniske og faglege omgrep samt nødvendig fagområde som gjer dei i stand til å samhandle med faggrupper involvert i produksjon og forvaltning av ein nettstad, til dømes designarar, utviklarar og interaksjonsdesignarar. Dei skal vere i stand til å formulere seg presist og effektivt på ein nettstad.

Generell kompetanse

Studenten skal vere i stand til å leie ein vevredaksjon som arbeidar strategisk og systematisk for å vedlikehalde og utvikle ein nettstad, i tråd med trendar og brukarane sine behov. Dei skal kjenne til ulike tekniske og faglege omgrep samt nødvendig fagområde som gjer dei i stand til å samhandle med faggrupper involvert i produksjon og forvaltning av ein nettstad, til dømes designarar, utviklarar og interaksjonsdesignarar. Dei skal vere i stand til å gjere etiske refleksjonar rundt publisering og bruk av brukardata.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er både praktisk og teoretisk retta – med hovudvekt på å løyse praktiske obligatoriske oppgåver basert på teoretisk kunnskap. Gjennom studieåret vil studentane gjennomføre ei rekke individuelle og gruppebaserte praktiske og teoretiske oppgåver knytt til dei ulike undertema.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

a)  Frammøtekrav: Deltaking på dei fem to-dagars samlingane er obligatorisk
 

b)  Arbeidskrav: Studentane må levere inn obligatoriske oppgåver i løpet av studiet.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Kristian Fuglseth
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Gruppe
6 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Mot slutten av studiet vil studentene ha seks uker til å jobbe med en større prosjektoppgave.

Prosjektoppgaven skal trekke på hele studiets innhold og utføres som en gruppeoppgave. Gruppen kan bestå av 1 til 3 personer. Studentene danner selv grupper.

Ved fullført studium får studentene en sluttkarakter. Begge eksamensdelene må bestås for å få sluttkarakter.
Det er fri bruk av hjelpemidler i prosjektoppgaven, men samarbeid mellom grupper er ikke tillatt.
Eit digitalt prosjekt og ein prosjektoppgåve på om lag 5000 ord.
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Ingen hjelpemidler er tillatt ved den teoretiske eksamenen.
Godkjent av: 
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn