Semestre

ANI112 Animasjon 2

Emnekode: 
ANI112
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Forkunnskapskrav, emneliste
ANI121 Animasjon 1: Grunnprinsippa i animasjon - 2D/teiknefilm
Om emnet

Studentane skal gjennom emnet spesialisere seg i ein sjølvvald teknikk (2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon), og samtidig få erfaring med å lage ein fullverdig kortfilm som fortel ei historie eller på andre måtar uttrykker noko meiningsfullt.

Studentane utviklar først ein idé og strukturerer filmen ut ifrå prinsipp for historieforteljing. Studentane bør vise bevisstheit om narrative og stilistiske konvensjonar, som dei har lært om i dei to føregåande semestera, men får samtidig rom til å utforske eigne idear. Gjennom arbeidet med filmproduksjonen vil studentane få vidare trening i animasjonsteknikken dei har valt, og det blir undervisingøkter som støttar opp om denne treninga.

Emnet består også av eit mindre prosjekt i andre del av semesteret, der studentane får eksperimentere helt fritt. Her kan studentane velge å eksperimentere innanfor dei tradisjonelle teknikkane dei har blitt introdusert for, eller velge å utforske alternative teknikkar og tilnærmingar til animasjon, for eksempel sandanimasjon, pikselasjon, skraping på film osv.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal ha spesialisert kunnskap om:

  • ein valfri animasjonsteknikk (2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon)
  • korleis denne teknikken kan brukast i framstillinga og utforskinga av idear og historieforteljing

Studenten skal ha grunnleggande kunnskap om

  • korleis ein kan eksperimentere innan animasjonsmediet, med eller utover dei tradisjonelle teknikkane
Ferdigheiter

Studenten skal

  • ha spesialiserte ferdigheiter innan ein vald animasjonsteknikk (2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon)
  • kunne produsere ein animert kortfilm med lyd
  • kunne lage si eiga dokke for stop-motion dokkeanimasjon (dersom denne teknikken er vald)
  • kunne lage sin eigen 3D-modell for dataanimasjon (dersom denne teknikken er vald)
  • kunne eksperimentere med animasjon
Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • jobbe i gruppe med eit animasjonsprosjekt
  • tenke kreativt og kunne improvisere
  • nytte animasjon til å framstille og utforske idear og fortelje ei historie
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studenten blir undervist i kortfilmproduksjon og teknikk, og arbeider ut frå dette sjølv med animasjonsfilmproduksjon. Arbeidet skjer både i gruppe og åleine. I løpet av semesteret skal studenten ha gjennomført:

  • ein animert kortfilm
  • ein kortare eksperimentell animasjonsfilm

Desse arbeida skal leverast i mappeeksamen

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ingen særskilde vilkår

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Trygve Selnes Nielsen
Andres Mänd
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Se punkt om "Vilkår for å fremstille seg for eksamen".
Godkjent av: 
Kate Kartveit