Semestre

ANI121 Animasjon 1: Grunnprinsippa i animasjon - 2D/teiknefilm

Emnekode: 
ANI121
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet består av grunnleggande animasjonsprinsipp i teiknefilm. Bruk av line-test og Animatic. Grunnleggande teiknefilmlayout. Grunnleggande opplæring i programvare for digital fargelegging og ferdigstilling av teiknefilm. Studenten skal få grunnleggande innføring i, og praktisk erfaring med, bruk av utstyr for lydopptak, og programvare for redigering av video og lyd. 

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten skal ha grunnleggande kunnskap om:

  • Grunnleggande prinsipp for bevegelse og bevegelsesmønster i animasjon
  • Ulike dataprogram for produksjon av teiknefilm, lyd- og videoredigering
Ferdigheiter

Studenten skal ha grunnleggande ferdigheiter innan:

  • Kunne lage enkle teiknefilmsekvensar
  • Kunne bruke digitalt teiknefilmprogram til fargelegging og ferdigstilling av teiknefilm
  • Kunne redigere ein enkel teiknefilm
Generell kompetanse

Studenten skal:

  • Kunne bruke teikningar som uttrykksmiddel i animasjon
  • ​Kjenne til animasjonens moglegheiter og avgrensingar i formidling av ei historie, og gjennom praktisk arbeid ha kunnskap om korleis eigne idear og historier kan visualiserast gjennom storyboards og animatics
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Gruppeundervisning og arbeidsverkstader. Individuelt- og gruppearbeid med rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ingen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Trygve Selnes Nielsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Faglærar opplyser ved semesterstart kva for prosjekt som skal gjennomførast.

Mappa skal innehalde:
- Grunnleggande øvingar i teiknefilm
- Ein animatic
- Øvingar i digital teiknefilm

Fil-typar som vert nytta: .mpeg 4, .avi, .pdf, .zip
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 26.02.20