Semestre

ANI202 Animasjon 4 - produksjon/spesialisering 2

Emnekode: 
ANI202
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Forkunnskapskrav, emneliste
ANI121 Animasjon 1: Grunnprinsippa i animasjon - 2D/teiknefilm
ANI112 Animasjon 2
ANI113 Animasjon 3: 3D-animasjon - stop motion og CGI
Krav til forkunnskapar

Erasmusstudentar må søke med online portefølje

Om emnet

Spesialiseringsemne, der studenten gjennom eitt eller fleire praktiske prosjekt skal vise ferdigheiter og kunnskap utover det grunnleggande i ein eller fleire valde teknikkar. Emnet kan vere ei fordjuping i same teknikk som blei utforska i spesialiseringsemne ANI201 eller ei spesialisering i ein annan teknikk.

Studentane kan velje mellom to alternativ:

1. Studenten produserer minst eitt minutt ferdig animasjon i en vald teknikk eller kombinasjon av teknikkar. Ved teiknefilm kan kortare varigheit godtakast. Animasjonen treng ikkje vere sett inn i nokon narrativ samanheng, men skal vise at studenten har kunnskap ut over dei grunnleggande ferdigheiter som denne teknikken krev.

2. Studenten deltar i eller gjennomfører sjølv eit bransjeorientert animasjonsprosjekt. Det kan vere ein reklamefilm, ein musikkvideo, ein vignett, pilot, eller andre prosjekt. Dette kan skje i regi av utdanninga, ein ekstern produsent, eller som ein del av opplegg ved ein annan utdanningsinstitusjon i inn- eller utland. Prosjektet skal godkjennast av emneansvarleg.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studentane skal ha utvida kunnskap om

  • Planlegging og gjennomføring av eit animasjonsprosjekt
  • Animasjonsbransjens plass i det totale mediebildet
Ferdigheiter

Studentane skal ha utvida ferdigheiter innan å

  • Kunne arbeide i et profesjonelt animasjonsmiljø
  • Kunne samarbeide med andre animatørar og forstå korleis animasjonsbransjen fungerer
Generell kompetanse

Studentane skal kunne

  • Samarbeide med andre om eit felles kreativt prosjekt
  • Kommunisere gjennom audiovisuelle tekstar
  • Kommunisere og arbeide i eit internasjonalt miljø
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Individuelt arbeid med rettleiing, arbeidsverkstader og gruppearbeid.

Studenten legg i samarbeid med faglærar ein plan for gjennomføringa av spesialiseringsprosjektet. Planen skal være godkjent av emneansvarleg. Saman med eksamensarbeidet skal studenten levere ei kort skriftleg utgreiing for prosjektet og kva rolle han/ho har spelt i det.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ingen særskilte krav.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Andres Mänd
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
Kandidaten leverer dokumentasjon av gjennomført spesialiseringsprosjekt, gjennom video, bilde og/eller tekst. Ved sida av prosjektet skal kandidaten levere ei kort skriftleg utgreiing for si eiga rolle i prosjektet som har blitt gjennomført.
Godkjent av: 
Kate Kartveit