Semestre
ANI264 Animasjon 4: Produksjon
For english speaking exchange students: Admission for exchange students is based exclusively on portfolio assessment. All exchange students must submit a link to their online portfolio, together with the application documents.
Spesialiseringsemne, der studenten gjennom eitt eller fleire praktiske prosjekt skal få høve til å fordjupe seg i, og vise ferdigheiter og kunnskap ut over det grunnleggande, i ein eller fleire valde teknikkar.
Studentane kan velje mellom to alternativ:
- Studenten produserer minst eitt minutt ferdig animasjon i ein vald teknikk eller kombinasjon av teknikkar. Ved teiknefilm kan vi godta kortare varigheit. Animasjonen treng ikkje vere sett inn i nokon narrativ samanheng, men skal vise at studenten har kunnskap ut over dei grunnleggande ferdigheiter som denne teknikken krev.
- Studenten deltar i eller gjennomfører sjølv eit bransjeorientert animasjonsprosjekt. Det kan vere ein reklamefilm, ein musikkvideo, ein vignett, pilot, eller andre prosjekt. Dette kan skje i regi av utdanninga, ein ekstern produsent, eller som en del av opplegg ved ein annan utdanningsinstitusjon i inn- eller utland. Prosjektet skal godkjennast av emneansvarleg.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentene skal ha inngåande kunnskap om
- gjennomføringa av eit animasjonsfilmprosjekt
- korleis animasjon kan gjeve form til og kommunisere idear
- aspektar ved animasjonsbransjens plass og funksjon i det større mediebildet
Studenten skal
- kunne arbeide i eit profesjonelt animasjonsfilmstudio
- kunne samarbeide med andre animatørar
- ha utvida ferdigheit som animatør i vald animasjonsteknikk
Studenten skal
- kunne samarbeide med andre om eit felles kreativt prosjekt
- kunne anvende fagleg kunnskap i arbeidet med praktiske problemstillingar
- kunne kommunisere noe gjennom eit animasjonsverk
- kunne kommunisere og arbeide i eit internasjonalt miljø
Dette vil variere, frå individuelt arbeid til arbeidsverkstader og gruppearbeid.
Arbeidskrav:
Studenten skal levere ein arbeidsplan for sitt spesialiseringsemne til faglærar før arbeidet tar til, seinast to veker etter semesterstart. Studenten kan ikkje ta til med arbeidet før planen er godkjent.
Studenten skal også levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Produkt/produksjon | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 | Emneansvarlig opplyser ved semesterstart om nærmare detaljar omkring innlevering, slik som filformat osv. | Omlag 1 minutt |