Semestre
BLUBA Bacheloroppgåve
BLUBULL1, BLUBULL2, BLUSRLE og BLUNHR.
Bacheloroppgåva er ei individuell fordjupingsoppgåve over ei sjølvvald problemstilling. Innhaldet skal vere forankra i profesjonsfaglege problemstillingar som er sentrale for arbeidet som barnehagelærar. Oppgåva skal bygge på pedagogikk og kunnskap frå eit av kunnskapsområda. Målsetjinga med bacheloroppgåva er at studenten får øving i å planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig arbeid i tråd med faglege og forskingsmetodiske krav. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studentane utvikle medvit omkring sentrale utfordringar i rolla som barnehagelærar. Det vert lagt vekt på metodiske kunnskapar og ferdigheiter, refleksjon og kritisk drøfting av teori. Arbeidet med bacheloroppgåva stiller høge krav til sjølvstende når det gjeld å søkje kunnskap og erfaringar. Arbeidet skal gjennomførast etter forskingsetiske retningsliner (sjå Utfyllande retningsliner for arbeid med bacheloroppgåve i Barnehagelærarutdanninga ved HVO). Emnet skal som grunnlag for arbeidet med bacheloroppgåva gi innføring i ulike vitskapsteoretiske perspektiv og relevante metodar i forskings- og utviklingsarbeid. Arbeidet skal vere rettleidd.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- om normer for vitskapleg arbeid, grunnleggande vitskapsteori og forskingsmetodikk
- sentrale faglege og yrkesetiske problemstillingar
- krav til rolla som profesjonell yrkesutøvar i eit mangfaldig samfunn
- formulere og avgrense eit pedagogisk og/eller fagdidaktisk tema
- undersøke eit problemområde med ei relevant metode
- formidle og dokumentere sentrale problemstillingar innan yrkesfeltet
- dokumentere eigen profesjonskunnskap
- meistre sentrale element i akademisk skriving
- synleggjere og reflektere kritisk over sentrale sider ved arbeidet i barnehagen og utfordringar i rolla som barnehagelærar
- utvikle medvit om eigen profesjonelle identitet og si rolle som barnehagelærar
- vidareutvikle innsikt i forskingsbasert kunnskap som grunnlag for profesjonsutøving og kontinuerleg profesjonell utvikling
- vise ny kunnskap og forståing for vitskaplege og etiske aspekt ved forskings- og utviklingsarbeid
Hovuddelen av emnet handlar om sjølvstendig arbeid med bacheloroppgåva. Undervisninga tek til i 4. semester, med orientering om emnet og ei kort innføring i vitskapsteori og metode. I løpet av desse dagane vel studentane førebels tema for arbeidet og formulerer tankar omkring temaet. Tematiseringa skal ende opp i eit forslag til førebels problemstilling og danne grunnlag for tildeling av rettleiar. På bakgrunn av tematiseringa og problemstillinga skal studenten utvikle ein forskingsplan som skal godkjennast av rettleiar.
Planen skal leverast etter fastsett frist etter semesterstart 5. semester. Dette semesteret startar med ei meir grundig innføring i vitskapsteori og metode.
- Det er krav om obligatorisk frammøte til undervisninga,Jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-6.
- Skriftleg tematisering på 450 ord av problemområde med forslag til førebels problemstilling
- Godkjend problemstilling og forskingsplan
- Deltaking i studentseminar der studentane presenterer eige arbeid med oppgåva undervegs i semesteret
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 10 000 ord +/- % |