Semestre

BLUBULL Barns utvikling, leik og læring

Emnekode: 
BLUBULL
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
20
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Om emnet

Emnet tek utgangspunkt i faga norsk og pedagogikk, og omfattar barns utvikling, leik og læring i eit samfunn prega av mangfald. Målet med emnet er å utvikle forståing for og innsikt i å leggje til rette for, planleggje og leie barns leike-, lærings- og danningsprosessar. Ei slik kompetanse er viktig for å fremje barns heilskaplege utvikling i eit inkluderande fellesskap prega av omsorg, medverknad, samarbeid og dialog. Leiken er ei grunnleggjande livs- og læringsform som både har ein eigenverdi og som skal danne grunnlaget for ei allsidig utvikling. Emnet omhandlar tema som leiing av barnegrupper, foreldresamarbeid, didaktikk, språkutvikling, barn med særskilde behov, inkludering og språkleg og kulturelt mangfald.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • grunnleggjande teoriar og forsking om barns utvikling, leik, læring og danning
  • leiken sin eigenverdi og leiken som arena for læring og for å utvikle vennskap med andre barn
  • barns omsorgs-, leike- og læringsbehov med særleg vekt på dei yngste barna
  • språket som struktur, barns språkutvikling og utvikling av fleirspråklegheit
  • korleis ulike språk-, song- og tradisjonsleikar kan stimulere barns språkutvikling
  • den fleirkulturelle barnehagen med eit ressursperspektiv på mangfald
  • samisk språk og kultur
  • inkludering og barn med særskilde behov
  • foreldresamarbeidet si tyding for barns utvikling og læring
  • ulike observasjonsformer
  • didaktikk
  • leiing og rettleiing i barnehagen
Ferdigheiter

Studenten kan

  • leie pedagogiske prosessar i barnehagen og leggje til rette for barns læring gjennom leik
  • leie ei barnegruppe og utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskild barn
  • framstå som ein medviten rolle- og språkmodell for barn i samarbeid med personalet og føresette
  • observere og leggje til rette for inkludering  av alle barn uansett bakgrunn og føresetnader
  • vise grunnleggjande toleranse, interesse og respekt for alle barn sine individuelle  behov
Generell kompetanse

Studenten har kompetanse i:

  • å planlegge varierte pedagogiske aktivtetar for barn, der ein tek omsyn til alder, føresetnadar og sosial, språkleg og kulturell bakgrunn
  • å kunne artikulere, formidle og vidareutvikle sin kompetanse om pedagogisk arbeid med barn
  • å reflektere over profesjonelle og etiske utfordringar knytt til pedagogisk arbeid med barn

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet er forelesingar, arbeid individuelt og i gruppe, og gjennomføring av studentpresentasjonar i gruppe. Studentane sine erfaringar frå praksis vert tekne med inn i undervisninga og i studentane sine arbeidskrav. Undervisninga vert knytt opp til desse overordna emna:

  • Leik, læring og utvikling

  • Didaktikk og observasjon

  • Leiing og rettleiing

  • Dei yngste barna i barnehagen

  • Barn med særskilde behov

  • Språkstimulering og språkutvikling

  • Den fleirkulturell barnehagen

  • Samisk språk og kultur

  • Foreldresamarbeid

Praksis

Praksis første studieår er ein rettleidd praksis som er delt opp i to periodar, ein på haust og ein på vår. Hovudtema for første praksisbolk er leik og læring, medan hovudtema for andre praksisbolk er mangfald, barn og samfunn. Sjå praksishefte del to.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Frammøte til undervisninga er obligatorisk etter gjeldande reglar. 
  • Arbeidskrav:
    • Eg som leiar: Etter praksis haust skal studentane gje ein kort presentasjon for medstudentar og faglærar, av den pedagogiske leikeaktiviteten dei har gjennomført i praksis, og skrive ei individuell oppgåve basert på erfaringane i praksis. Oppgåva skal vere på 1500 ord +/- 10 % (sjå emneplan for praksis). Studenten skal i denne oppgåva leggje vekt på si rolle som leiar av barnegruppa i barnehagen. Dette er det første av tre arbeidskrav i utdanninga som omhandlar studenten si utvikling som leiar (sjå også emneplan for BLUKKK og  BLULSU).
    • Dei yngste barna i barnehagen: Arbeidet legg vekt på at studenten tileignar seg kunnskap om dei yngste barna i barnehagen og skal munne ut i ein presentasjon i gruppe for medstudentar og faglærar. Til presentasjonen skal det følgje logg for arbeidet og eit grunnlagsnotat på om lag 400 ord.
    • Barns språkutvikling. Studentane skal utarbeide ei individuell, skriftleg oppgåve på om lag 1800 ord om barn si språkutvikling (vårsemesteret). Oppgåva er knytt til praksis.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Kristin Rostad Gangstad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnehagelærar - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Digital eksamen med eigen bærbar datamaskin.