Semestre

BLUBULL2-D Barns utvikling, leik og læring 2

Emnekode: 
BLUBULL2-D
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUBULL1-D Barns utvikling, leik og læring 1 (Deltid)
Krav til forkunnskapar

Bestått BLUBULL1- D før ein kan gå opp til eksamen i BLUBULL2- D. 

Om emnet

Målet med emnet er å utvikle forståing og innsikt i å planlegge og å leie barns leike-, lærings-, utvikling- og danningsprosessar. Emnet skal gi kompetanse i å fremje barns heilskaplege utvikling i eit inkluderande fellesskap prega av omsorg, medverknad, samarbeid og dialog med føresette. Emnet inneheld 15 studiepoeng av totalt 30 studiepoeng i kunnskapsområdet Barns utvikling, leik og læring, og har følgjande tema: Barns utvikling, leik, læring og danning, barns språkutvikling og språkleg mangfald, fleirkulturelle perspektiv, leiing av personalet og samarbeid med føresette.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • aktuelle teoriar og forsking om barns utvikling, leik, læring og danning
  • språkleg og kulturelt mangfald, barns språkutvikling og utvikling av fleirspråklegheit
  • inkludering og tilpassa opplæring, og barn med særskilde behov
  • foreldresamarbeidet si tyding for barns utvikling og læring
  • leiing av personalet i barnehagen
Ferdigheiter

​Studenten kan

  • planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere opplegg for barns språklæring med vekt på språkleg mangfald
  • utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskild barn
  • framstå som ein medviten rolle- og språkmodell for barn i samarbeid med personalet og føresette
  • analysere og leggje til rette for tilpassa opplæring og  inkludering i barnehagen
  • ta i bruk pedagogiske og digitale verktøy i arbeidet med barns utviklings- og læringsprosessar
Generell kompetanse

Studenten har kompetanse i

  • didaktisk arbeid og faglege refleksjonar knytte til erfaringar frå praksis
  • å leie personalet og samarbeide med føresette i planlegginga av arbeidet med barna
  • å nytte varierte arbeidsformer i planlegginga av opplegg for barn der ein tek omsyn til alder og sosial, språkleg og kulturell bakgrunn
  • å vise etisk og fagleg innsikt i barns integritet basert på forståing av demokrati, likeverd og likestilling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

 Arbeidsmåtane i emnet er førelesingar og arbeid individuelt og i gruppe. I tillegg vert det gjennomført studentpresentasjonar og arbeidd med prosjekt. Studentane sine erfaringar frå praksis vert tekne med inn i undervisninga og i studentane sine arbeidskrav. Undervisninga vil bli gitt som ein kombinasjon av vekesamlingar på campus, og undervisning på konferansesystemet Adobe Connect (på nett) ein fast dag kvar veke.

Praksis:

I praksisperioden, skal studentane i samarbeid med personalet gjennomføre leiardagar og observere språkutvikling hjå barn. Etter praksis skal studentane skrive ei individuell, skriftleg oppgåve med vekt på barns språkutvikling. I tillegg skal studentane utarbeide eit  refleksjonsnotat om si utvikling som leiar i barnehagen. Dette er andre del av ei samletekst som skal danne grunnlag for eksamen tredje studieår. Sjå arbeidskrav kulepunkt to. Arbeidet i praksis er eit samarbeid mellom kunnskapsområda Barns utvikling, leik og læring 2, Natur, helse og rørsle samt Kunst, kultur og kreativitet

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Frammøte til undervisninga er obligatorisk etter gjeldande reglar.

    Arbeidskrav:

  • Barns språkutvikling. Studentane skal utarbeide ein individuell, skriftleg oppgåve på om lag 1800 ord. Oppgåva er knytt til praksis (haust 2016).
  • Eg som leiar. Dette er eit individuelt skriftleg refleksjonsnotat på om lag 1500 ord med vekt på studenten si utvikling som leiar for personalet i barnehagen. Dette er andre del om studenten si utvikling som leiar (sjå også emneplan for BLULSU ).
  • Kulturelt og språkleg mangfald. Studentane skal utarbeide ei individuell, skriftleg oppgåve på om lag 1800 ord. Oppgåva er knytt til praksis.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Gunnhild Bergset
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter