Semestre
BLUFBNF Barn, natur og friluftsliv
Heiltid: BLUBULL, BLUSRLE og BLUNHR
Arbeidsplassbasert A16: BLUBULL1-A16, BLUSRLE-A16 og BLUNHR-A16
Emnet er ei fordjuping som byggjer vidare på kunnskapar frå emna Natur, helse og rørsle og Barns utvikling, leik og læring 1. Emneplanen byggjer på Rammeplan for barnehagen (2017). Emnet har fokus på barn sine aktivitetar i ulike naturmiljø til ulike årstider og omfattar tema som fysisk aktivitet, friluftsliv, naturkjennskap og korleis ein kan bruke uteområdet og nærområdet til barnehagen gjennom heile året.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om
- barns utvikling, læring og kroppslege erfaringar og opplevingar knytt til barns bruk av naturen
- lovverk og reglar knytt til friluftsliv, naturforvaltning og naturleikeplassar
- ulike landskapstypar, økosystem, biologisk mangfald og berekraftig utvikling
- matressursar i naturen
Studenten skal kunne
- gjere fagdidaktiske vurderingar knytt til planlegging og gjennomføring av frie og organiserte uteaktivitetar for barn
- gjere naturfaglege observasjonar og undersøkje både flora og fauna
- kjenne igjen ulike landskapselement og naturfenomen
- planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø
- gjennomføre grunnleggjande og livreddande førstehjelp
Studenten skal
- ha innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kunne utøve kvalifiserte skjønn
- ha grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne utvikle god praksis innan fagfeltet
Det nyttast arbeidsformer som førelesingar, feltarbeid, prosjekt- og gruppearbeid, samt eigne studiar. Undervisninga vert organisert i bolkar. Store delar av undervisninga går føre seg ute, der ein tek i bruk nærmiljøet rundt høgskulen og område lenger unna.
Emnet inneheld praksis i barnehage.
Emnet inneheld ein fleire turar ut i naturen med og utan overnatting, inklusiv kystkurs på Yksnøya med overnatting i telt.
All undervisning er obligatorisk. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær. Dersom det ikkje er råd for studentane å møte på ei av samlingane vil arbeidskrav knytt til desse verte gjennomført i Volda. Vi viser til forskrift om opptak studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4
Følgjande arbeidskrav må vere gjennomført med godkjent resultat for at studenten får framstille seg til avsluttande eksamen:
1. Planlagt og gjennomført leiing av ein aktivitet med resten av studentane
2. Godkjent oppgåve på 1500 - 2500 ord knytt til kystkurset
3. Godkjent årstidskalender på 1500 - 2500 ord
4. Godkjent refleksjonsoppgåve etter praksis
5. Godkjent artssamling
6. Gjennomført og godkjent kystkurs
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Kr. 500,-
- Barnehagelærar - bachelor
- Barnehagelærarutdaning - arbeidsplassbasert 2016
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |