Semestre
BLUFMM Mangfald og meistring
BLUBULL/-D, BLUSRLE/-D og BLUNHR/-D.
Dette emnet er valbart både for heiltid og deltid. Emnet er eit fordjupingsemne som byggjer på kunnskapar frå emna Barns utvikling, leik og læring (BULL). Emnet framhevar mangfaldet som ein barnehagelærar møter i barnehagen og vektlegg kunnskap om mangfald i språk, kultur, kjønn, åtferd og barns psykisk helse. Det viser til både allmennpedagogiske og spesialpedagogiske tilnærmingar.
Relasjonskompetanse, kunnskap om barns ulike føresetnader og samarbeid med både foreldre og med interne og eksterne instansar blir framheva som relevant pedagogisk kompetanse for å meistre arbeidet som pedagogisk leiar. Det blir vidare lagt vekt på å utvikle forståing for korleis barnehagen som institusjon kan arbeide for å legge til rette for mangfaldet i barnegruppa. Emnet vil vere eit ledd i arbeidet med å bygge eit deltakande og inkluderande pedagogisk miljø i barnehagen der alle born kan styrkast til å meistre utfordringar.
Det overordna perspektivet i emnet er mangfald som ressurs og at barns meistring føreset eit tilpassa barnehagetilbod for alle barn.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne.
Studenten skal ha
- kunnskap og forståing for kultur og verdisyn i eit samfunn prega av mangfald og korleis identitetsbygging og inkludering kan føre til livsutfolding, meistring og utvikling
- grundig kjennskap til korleis føresetnader som funksjonsnivå, sosial, språkleg og kulturell bakgrunn, kjønn og psykisk helse påverkar læring og utvikling
- kunnskap om kva som kjenneteiknar eit godt psykososialt miljø for barna og korleis ein kan skape dette i barnehagen
- utvida kunnskap om barns utvikling av fleirspråklegheit og verdien av morsmålet
- innsikt i korleis leie ein barnehage til å utvikle eit ressursorientert perspektiv på mangfald
- innsikt i korleis allmennpedagogiske og spesialpedagogiske tiltak som fremjar eit tilpassa barnehagetilbod for alle barn kan bli planlagde, gjennomførte og vurderte
- kunnskap om internt og eksternt samarbeid om barn med ulike føresetnadar og behov
Studenten kan
- arbeide for utdjupa forståing, toleranse og respekt for likskapar og skilnadar
- skape eit stimulerande miljø for alle barn i barnehagen der livsmeistring og mangfald står sentralt
- leie ei personalgruppe til å bli kompetente medarbeidarar i møte med mangfaldet i barnehagen
- nytte fagleg innsikt og kompetanse i sitt relasjonsarbeid i høve mangfaldet i barnegruppa
- legge til rette for eit nært samarbeid med familiar med ulike samansettingar og ulik sosial, kulturell, funksjonell og språkleg bakgrunn
Studenten skal
- kunne bruke teoretisk kunnskap og praktiske ferdigheiter om meistring og mangfald i barnehagen for å legge til rette og leie det pedagogiske arbeidet og slik ivareta alle barns ulike behov
- etisk og kritisk kunne reflektere over aktuelle problemstillingar knytt til normalitetsbegrepet, meistringsbegrepet og mangfaldsbegrepet i det daglege arbeidet i barnehagen
- ha tileigna seg kompetanse i å skape individuelt tilpassa og likeverdige tilbod for alle barn i barnehagen
I undervisninga nyttar vi varierte lærings-og arbeidsformer som førelesningar, arbeid individuelt og i gruppe, praksis og studietur. I oppstartsveka vil det bli undervist i praktiske fag der studentane vil måtte betale ein eigenandel for å dekke utgifter til matvarer.
Emnet inneheld 5 dagar rettleia praksis i barnehage.
Det inngår ein studietur over fleire dagar til ein stad med tilknyting til mangfaldsarbeid på ulike plan, og studentane må rekne med utgifter til mellom anna transport og overnatting. Det blir lagt til rette for alternativ studietur for dei som av ulike grunnar ikkje kan delta på studieturen.
Arbeidskrav 1: Studentane fordjupar seg gruppevis i delar av pensum og presenterer munnleg dette for resten av klassa. På førehand skriv gruppa eit refleksjonsnotat på 800 ord som ei av dei andre gruppene les og gjev respons på etter framlegginga.
Arbeidskrav 2: Individuelt skriftleg teori- og praksisbasert refleksjonstekst på 1800 ord (+/- 10%) med utgangspunkt i praksisdagane i barnehagen.
Arbeidskrav 3: Deltaking på studietur eller alternativ studietur. Førebu besøk på relevante institusjonar og skrive individuell logg. Ein kort resymmè frå gjennomført innhald skal framførast for klassen i etterkant.
Arbeidskrav 4: Arbeidskrav etter studietur/alternativ studietur: Fagtekst på 2000 ord(+/- 10%)
Frammøte til undervisning/deltaking er obligatorisk etter gjeldande reglar. Jmf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §5-11.
Det blir ei materialavgift på 200 kr.
I tillegg blir det ei studietur-avgift for dei som er med på studietur på 400 kr.
- Barnehagelærar - bachelor
- Barnehagelærar - bachelor (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 4500 ord (+/- 10%) |