Semestre

BLUKKK-D Kunst, kultur og kreativitet

Emnekode: 
BLUKKK-D
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
20
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Kunnskapsområdet byggjer på faga musikk, forming, drama og pedagogikk.

 

Emnet legg vekt på estetiske opplevingar og møte, erfaringar, refleksjon, kommunikasjon og uttrykk, gjennom ulike sansemedium. Utvikling av studentane si estetiske merksemd, praktisk dugleik og skapande evner, står sentralt. Studentane skal kvalifiserast til å arbeide med, og kunne formidle, eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk for og med barn. Studenten skal kvalifiserast til å leie kreative prosessar for og med barn i alderen 0 - 6 år, og til å samarbeide med, og leie, vaksne medarbeidarar. Emnet har fokus på mangfald gjennom å omhandle ma. tilpassa opplæring, likestilling, det fleirkulturelle og det samiske.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten har:

  • innsikt i korleis kunst og kultur bidreg til barn sine ulike opplevingar og uttrykksformer, læring og danning
  • kunnskap om barn si utvikling innan dei estetiske fagområda
  • kunnskap om korleis motivasjon, identitet og sjølvoppfatning verkar inn på utøving, oppleving og læring i estetiske fag
  • kunnskap om faglege basiskunnskapar i musikk, forming og drama. 
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • planlegge, leie, gjennomføre, dokumentere og vurdere kunstfaglege prosessar, for og med barn og vaksne
  • strukturere og skape rom som inviterer barn til estetiske møte gjennom undring, utforsking, kreativitet, skaparglede og leik
  • bruke den faglege kunnskapen i arbeidet som rollemodell, og i improvisasjon, undring og leik, i arbeid med barn
  • bruke ulike reiskapar, teknikkar og materiale frå ulike handverkstradisjonar og utforske desse i samspel med barn 
Generell kompetanse

Studenten:

  • ser barn som kompetente deltakarar som kan medverke i barnehagen sin arena for kunst- og kultur
  • har ei medviten haldning til, og evne til, innleving i barn sine ulike estetiske uttrykksformer
  • forstår barnehagelæraren si tydning som medskapar, deltakar og rollemodell i barna si utforsking og i deira uttrykk, og kan stimulere barna si skaparglede og meistringskjensle
  • kan ta i vare kjønnsperspektivet og fleirkulturelle perspektiv, i skapande aktivitetar og i kunst- og kulturformidlinga i barnehagen
  • kjenne til  korleis  fremje gjenbruk og bærekraftig utvikling
  • forstår utviklingsarbeid og forsking som føresetnad for å styrke det kunst- og kulturfaglege arbeidet i barnehagen
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Kunnskapsområdet er organisert i temablokker med både praktisk og teoretisk undervisning:  Ein kombinasjon av førelesing via Adobe Connect og campussamlingar, individuell oppgåveløysing, gruppearbeid og sjølvstudium.

 

Praksis er fordelt på bolkar. Studiet har stort fokus på yrkesretting og det vert lagt opp til gjennomgåande kontakt med praksisbarnehagen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

All undervisning er obligatorisk. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråver. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3, om frammøte og deltaking i undervisninga.

ARBEIDSKRAV

  • Gjennomføre, dokumentere og reflektere kring ei praktisk oppgåve knytt til praksis. (jmf. praksisplanen).
  • Ei individuell mappe med 4 arbeid knytt til materialområda. Eit av arbeida blir trekt ut for vurdering, og til dette arbeidet skal det knytas ein fagdidaktisk refleksjon på om lag 300 ord.

Begge arbeidskrava må godkjennas for å få gå opp til eksamen. Sjå rettningslinjer for arbeidskrav på høgskulen si nettside.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Catarina Andersson
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 300,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må studentane pårekne kjøp av noko utstyr, og utgifter til fargekopiering av oppgåver. For fylgjer av manglande innbetaling, sjå Retningslinjer for studierett, på høgskulen si nettside.

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Gruppe
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Oppgave
Individuell
5 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
1500 ord +/- 10 %