Semestre
BLUKKK Kunst, kultur og kreativitet
Ingen
Kunnskapsområdet byggjer på faga musikk, forming, drama og pedagogikk.
Emnet legg vekt på estetiske opplevingar og møte, erfaringar, refleksjon, kommunikasjon og uttrykk, gjennom ulike sansemedium. Utvikling av studentane si estetiske merksemd, praktisk dugleik og skapande evner, står sentralt. Studentane skal kvalifiserast til å arbeide med, og kunne formidle, eit mangfald av kunst -og kulturuttrykk for og med barn. Studenten skal kvalifiserast til å leie kreative prosessar for og med barn i alderen o-6 år, og til å samarbeide med, og leie, vaksne medarbeidarar. Emnet har fokus på mangfald gjennom å omhandle mellom anna mangfold i funksjon, likestilling, det fleirkulturelle og det samiske.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- Innsikt i korleis kunst og kultur bidreg til barn sine ulike opplevingar og uttrykksformer, leik, læring og danning.
- Kunnskap om barn si utvikling innan dei estetiske fagområda
- Kunnskap om korleis motivasjon, identitet og sjølvoppfatning verkar inn på utøving, oppleving og læring i estetiske fag
- Kunnskap om faglege basiskunnskapar i musikk, forming og drama
- Kunnskap om samisk kultur
Studenten kan:
- Planlegge, leie, gjennomføre, dokumentere og vurdere kunstfaglege prosessar for og med barn og vaksne
- Strukturere og skape rom som inviterer barn til estetiske møte gjennom undring, utforsking, kreativitet, skaparglede og leik
- Bruke den faglege kunnskapen i arbeidet som rollemodell, improvisasjon, undring og leik
- Bruke ulike reiskapar, teknikkar og materiale frå ulike handverkstradisjonar og utforske desse i samspel med barn
Studenten:
- Ser barn som kompetente deltakarar som kan medverke i barnehagen sin arena for kunst- og kultur
- Har ei medviten haldning til og evne til innleving i barna sine ulike, estetiske uttrykksformer
- Forstår barnehagelæraren si betydning som medskapar, deltakar og rollemodell i barna si utforsking og deira uttrykk, og kan stimulere barna si skaparglede og meistringskjensle
- Kan ta i vare kjønnsperspektivet og fleirkulturelle perspektiv i skapande aktivitetar og i kunst- og kulturformidlinga i barnehagen
- Kjenne til korleis fremje gjenbruk og bærekraftig utvikling
- Forstår utviklingsarbeid og forsking som føresetnad for å styrke det kunst- og kulturfaglege arbeidet i barnehagen
Kunnskapsområdet er organisert med både praktisk og teoretisk undervisning: Ein kombinasjon av førelesing, fellesundervisning, individuell oppgåveløysing, gruppearbeid og sjølvstudium. Studiet har stort fokus på yrkesretting, og det vert lagt opp til gjennomgåande kontakt med praksisbarnehagen.
All undervisning er obligatorisk. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråver. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3, om frammøte og deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav
- Presentasjon av gjennomføring, dokumentasjon og refleksjon kring ei praktisk oppgåve knytt til praksis (j.f Praksishefte del II)
- Ei individuell mappe med 4 arbeid knytt til materialområda. Eit av arbeida blir trekt ut for vurdering, og til dette arbeidet skal det knytas ein fagdidaktisk refleksjon på om lag 300 ord
Begge arbeidskrava må godkjennast for å få gå opp til eksamen. Sjå retningslinjer for arbeidskrav på høgskulen si nettside.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 400,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må studentane pårekne kjøp av noko utstyr, og utgifter til fargekopiering av oppgåver. For fylgjer av manglande innbetaling, sjå Retningslinjer for studierett, på høgskulen si nettside.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Gruppe | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | |||
Heimeeksamen | Individuell | 5 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | 1500 ord +/- 10% |