Semestre

BLUKKK30 Kunst, kultur og kreativitet

Emnekode: 
BLUKKK30
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Kunnskapsområdet omfattar det å sjå, forstå og verdsettje barna sine estetiske uttrykksformer, og korleis studenten kan bli medskapar i ein levaende barnehagekultur. Barnehagen utviklar sin kultur i nært samspel med ulike aktørar i kunst- og kulturfeltet i lokalmiljøet. Kunnskapsområdet tydelgegjer barnehagelæraren sitt ansvar for å gje barn tilgang til kulturelle tradisjonar og aktuelle straumingar i kunst- og kulturliv. Kunnskapsområdet skal fremje barna sin musiske veremåte som betyr å utvikle kvart enkelt barn si kreative utfolding. 

Utvikling av praktiske ferdigheiter, estetisk merksemd og skapande evner utgjer ein sentral del av kunnskapsområdet. Barnehagelæraren har ansvar for at alle barn utviklar eit rikt uttrykksrepertoar gjennom allsidige sanseopplevingar, kroppslege erfaringar, tid til leik og eksperimentering, refleksjon og kommunikasjon. Kunnskapsområdet sitt mål er å bruke kunstfaglege arbeidsformer i ei tydeleg profesjonsrolle, som inviterer til utforskande og skapende verksemd og ser samanheng mellom estetiske læringsprosessar og barns leik, læring og danning.

Kunnskapsgrunnlaget bygger på barnehagepedagogisk kunnskap og i hovudsak lærarutdanningsfaga musikk, drama og forming, og på kunstnerisk utviklingsarbeid og forsking med relevans for kunnskapsområdet. Praksisstudiet er integrert i kunnskapsområdet.  Emne er sett saman av fagområda musikk, drama, forming og pedagogikk. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • korleis faga i kunnskapsområdet bygger på barns leik og bidreg til deira estetiske opplevingar, uttrykksformer, læring, danning og didaktisk arbeid
  • barnekultur, samiske kunst- og kulturtradisjoner, kulturelt mangfald og kulturarv, og innsikt i korleis kunst og kultur påvirkar barns uttrykksformer
  • kommunikasjon, dramatisk leik, samspel og formidling i kunstfagleg arbeid
  • estetiske verkemidlar, arbeidsmåtar, materialar, instrument, verktøy og teknologi i musikk, drama og forming
  • ulike kulturar, herunder samisk kultur
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • bruke materialar, redskapar, instrument og teknikkar i eige skapande arbeid, og utforske desse saman med barn i planlagde og spontane situasjonar 
  • stimulere barn til å utforske, leike, lære og skape gjennom digitale uttrykksformer
  • bruke si faglegheit til improvisasjon i leik og skapande prosessar
  • legge til rette for barns møte med eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk frå fortid og notid, lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • leie estetiske læringsprosessar med og for barn og medarbeidarar, og ivareta etisk refleksjon i dokumentasjon og vurdering
  • skape inne- og uterom som inviterer barn til estetiske opplevingar, undring, fordjuping, utforsking, skaparglede og leik
Generell kompetanse

Studenten: 

  • ser barn som kompetente deltakarar på samfunnet sin kulturarena og sikrar barns ytringar og demokratiske rettar også ved å fremje deira estetiske språkformer
  • kjenner barnehagelæraren si  betydning som medskapar, deltakar og rollemodell i barns estetiske læringsprosessar
  •  kan stimulere barns musiske veremåte og livsmeistring
  • har forståing for korleis utviklingsarbeid og forsking i kunst- og kulturfagleg arbeid kan brukast i barnehagen
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Kunnskapsområdet er organisert med både praktisk og teoretisk undervisning: Ein kombinasjon av førelesing, fellesundervisning, individuell oppgåveløysing, gruppearbeid og sjølvstudium. Studiet har stort fokus på yrkesretting, og det vert lagt opp til gjennomgåande kontakt med praksisbarnehagen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: All undervisning er obligatorisk. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråver. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3, om frammøte og deltaking i undervisninga.

 

Arbeidskrav:

Arbeidskrav

  • Presentasjon av gjennomføring, dokumentasjon gjennom digital fortelleing og refleksjon kring ei praktisk oppgåve knytt til praksis (j.f Praksishefte del II)
  • Eit skriftleg arbeid i pedagogikk etter SOM-seminaret (Saman Om Omsorg) på 2000 ord +/- 10%.
  • Eg som leiar. Individuelt skriftleg refleksjonsnotat i pedagogikk på 1500 ord +/- 10% med vekt på studenten si utvikling som leiar i barnehagen.
  • Eit praktisk arbeidskrav i forming.
  • Eit praktisk arbeidskrav i drama.
  • Eit praktisk arbeidskrav i musikk.

Arbeidskrava må godkjennast for å få gå opp til eksamen. Sjå retningslinjer for arbeidskrav på høgskulen si nettside.

Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Hege Holmqvist Synnes
Borghild Otelie Aasebøstøl
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 400,- til innkjøp av fellesmateriale.

I tillegg må studentane pårekne kjøp av noko utstyr, og utgifter til fargekopiering av oppgåver.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnehagelærar - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Gruppe
4 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Obligatorisk rettleiing.
Varighet på praktisk del av eksamen er 3 dager pr. student.
Halve kullet får utdelt eksamen mandag med praktisk gjennomføring torsdag.
Andre halvpart får utdelt eksamen tirsdag med praktisk gjennomføring på fredag.
Heimeeksamen
Individuell
4 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
2000 ord +/- 10%