Semestre
BLULSU-D Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid
Det overordna målet for kunnskapsområdet er å styrke kvaliteten i barnehagen gjennom kompetanse i leiing, samarbeid og utviklingsarbeid. Det vert lagt vekt på korleis leiarhandlingar, samarbeid og organisering av utviklingsarbeid kan støtte læring i personalgruppa, dvs. barnehagen som lærande organisasjon, og styrke han som lærings- og utviklingsarena for yngre og eldre barn.
Barnehagen som organisasjon utgjer ei viktig ramme for å forstå og utøve leiing, samarbeid og utviklingsarbeid. Leiing blir også knytt til at barnehagen er prega av mangfald slik at behovet for eit profesjonelt samarbeid gjennom mentalisering, kommunikasjon, rettleiing og refleksjon er viktig.
Praksis er ein integrert del av kunnskapsområdet. Erfaringane frå praksis skal danne grunnlag for kraftfulle refleksjonar knytt til omgrepa leiing, samarbeid og utvikling.
Innhaldet bygger på den kompetansen som studenten har opparbeidd tidlegare i studiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Brei kunnskap om leiing, rettleiing av og samarbeid med menneske med ulik bakgrunn og føresetnader og om korleis eiga leiing påverkar pedagogiske prosessar i eit utviklingsarbeid. Det inkluderer kunnskap om mentalisering og kommunikasjon som grunnlag for samarbeid og om motivasjon og meistring som drivkraft for handling.
- Brei kunnskap om barnehagen som organisasjon og som lærande organisasjon.
- Kjennskap til relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiings- og utviklingsarbeid.
- I samarbeid med andre planlegge, leie, gjennomføre, dokumentere og vurdere eit mindre utviklingsarbeid i barnehagen. Det inkluderer også bruk av relevante faglege verktøy for å kartlegge (dvs. observere og dokumentere) og analysere (dvs. Reflektere kritisk) pedagogisk praksis, organisatoriske rammer, lovverk og styringsdokument som grunnlag for å vurdere og utvikle kvalitet i pedagogisk arbeid.
- Støtte utvikling av indremotivasjon og meistring gjennom bruk av demokratiske leiarprosessar, mentalisering, anerkjennande kommunikasjon og rettleiing med fokus på kritisk refleksjon.
- Kan formidle sentralt fagstoff som omgrep, teoriar og løysingar både skrifteleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer. Dette inkluderer også bruk av digitale løysingar.
- Kan og vil utøve profesjonelt skjønn og leie prosessar som støttar utvikling av barnehagen som ein lærande organisasjon og slik styrkar han som lærings- og utviklingsarena for yngre og eldre barn i tråd med etiske krav og retningslinjer.
- Har medvit om eige autoritetsgrunnlag som leiar og profesjonell yrkesutøvar, kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre om korleis eigne leiarhandlingar påverkar samarbeidsprosessar og kan justere eigen leiaråtferd i ulike situasjonar.
Arbeidsmåtane er førelesingar, arbeid både individuelt og i gruppe knytt til leiing av kollektiv, demokratisk planlegging, gjennomføring og vurdering av eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid i praksisbarnehagen.
Det blir gitt undervisning på delar av vekesamlingar på Høgskulen i Volda samt undervisning på konferansesystemet Adobe Connect.
Det er 17 dagar rettleidd praksis. Tema for praksis er å planlegge, gjennomføre og vurdere eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid. Studentar som har same praksislærar, samarbeider om utviklingsarbeidet.
Frammøte til undervisinga etter gjeldande reglar.
Godkjent arbeidskrav 1: Eg som leiar av eit utviklingsarbeid - planlegging av leiarpraksis.
Godkjent arbeidskrav 2: Eg som leiar av eit utviklingsarbeid - vurdering av leiarpraksis.
Begge arbeidskrava er prosessorienterte og bygg på individuelt arbeid og samarbeid i grupper. I grupper skal studentane rettleie kvarandre på individuelt forarbeid og saman vurdere, dvs. kritisk reflektere over, planlagde og gjennomførte prosessar. Det inkluderer også vurdering av gjennomførte rettleiingsprosessar.
For meir informasjon: sjå forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Barnehagelærar - bachelor (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Hjelpemiddel kan bli tillatt. | Del 1: Presenter eit innlegg som handlar om di utvikling som leiar gjennom studiet. Bruk teoriar, modellar og omgrep frå LSU. Del 2: Presentasjon og refleksjon over eit fagleg tema som blir trekt av kandidaten. Aktuelle tema blir gjort kjent før eksamen. |