Semestre
BLUMG304 Utforsking i barnehage og nærmiljø
Ingen.
Emnet handlar om utforsking, natur og miljø og tek føre seg utforsking saman med barn gjennom ulike opplevingar i barnehagen og nærmiljøet. Utforsking vil i dette emnet ha sitt utgangspunkt i realfaga, der matematisk og naturvitskapeleg kunnskap og tenkjemåtar står sentralt. I barnehagen tek slik utforsking oftast utgangspunkt i autentiske spørsmål og kontekstar, og emnet legg difor vekt på både tverrfaglege og fleirfaglege perspektiv. Emnet tek utgangspunkt i utvalde case med basis i berekraft og kontekstbasert utforsking.
Eit sentralt mål for emnet er at studenten, basert på prinsipp frå design-basert forsking, skal utvikle aktivitetar i eit fagleg fellesskap og utvikle på eit avansert nivå innsikt i ulike aspekt ved utforsking. Døme på slike aspekt er å utvikle eigne utforskingsstrategiar, samle inn informasjon, argumentere og resonnere. Studenten skal utvikle kompetanse i å designe aktivitetar som legg til rette for at barn kan lære gjennom utforsking og eigne erfaringar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har avansert kunnskap om utforsking i barnehagedidaktisk samanheng
- har avansert kunnskap om tverrfaglege og fleirfaglege tema der utforsking står sentralt, med case henta frå kontekstbasert utforsking og berekraftig liv og praksis
- kan overføre kunnskap om utforsking mellom ulike kontekstar, på tvers av fag, og kjenne til meir fagspesifikke utforskande praksisar
- har avansert kunnskap om undrande og utforskande samtalar med barn knytt til matematiske og naturfaglege spørsmål
- har avansert kunnskap om matematiseringsprosessar hos barn i møte med omverda
- kan identifisere strategiar for utforsking av tverrfaglege tema og fenomen som er relevante for barnehagen
Studenten
- kan analysere, drøfte og nytte forskingsbasert kunnskap om utforsking som del av sin daglege profesjonsfaglege praksis
- kan nytte designbasert forsking til å utvikle og vurdere utforskande aktivitetar om realfaglege spørsmål knytte til berekraftig liv og praksis
- kan leie undrande og utforskande samtalar med barn og vaksne i matematiske og naturfaglege spørsmål
- kan nytte eit breitt repertoar av arbeidsmåtar og reiskapar i utforsking i eit mangfald av samanhengar
Studenten
- kan reflektere på eit avansert nivå over eigen praksis knytt til utforskande aktivitetar med barn og vaksne og slik bidra til nytenking og innovasjonsprosessar i barnehage
- kan, med utgangspunkt i forskingsbaserte prinsipp, leie arbeid med å utvikle nye didaktiske og utforskande aktivitetar
- kan vere ein ressurs for barnehagefeltet gjennom å utvikle forskingsbaserte aktivitetar og formidle dette både i eit breiare fellesskap av fagpersonar, til føresette og i det offentlege ordskiftet
- kan syne ei utforskande haldning for å halde ved like og utvikle sin eigen realfaglege og didaktiske kompetanse
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper, individuelt arbeid, ulike former for praktisk arbeid inne og ute, og rettleidd arbeid med eiget prosjekt. Digitale læringsressursar vert brukt i utstrekt grad.
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Frammøtekrav:
Obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar
Arbeidskrav:
- Tre korte skriftlege eller munnlege tekstar knytt til litteraturen (omfang ca. 200-400 ord eller 3-5 minutt videoopptak)
- Tre korte skriftlege eller munnlege tekstar knytt til utforsking i praksis (omfang ca. 200-400 ord eller 3-5 minutt videoopptak)
- Utkast til casebasert multimodal prosjektoppgåve basert på utprøving av ein utforskande aktivitet (omfang ca. 3000-4000 ord) og drøfting i studentseminar
Detaljert informasjon og vurderingskriterier for arbeidskrava vert gitt som del av undervisninga.
Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne framstille seg for eksamen i emnet. Sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Barnehagekunnskap - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Endeleg prosjektoppgåve (arbeidskrav c) skal leverast som eksamensarbeid. | ||
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Munnleg/praktisk eksamen der studenten skal presentere, demonstrere og svare på spørsmål frå innhaldet i emnet med utgangspunkt i prosjektet. Begge eksamensdelane må vere bestått for å få bestått karakter på eksamen. |