Semestre
BLUMG305 Vitskapsteori og forskingsmetode
Fullført og bestått dei første fire emna i mastergraden med karakter C i snitt.
Emnet handlar om det vitskaplege grunnlaget for forsking på pedagogisk verksemd i barnehagen. Det overordna målet med emnet er å ruste studentar til å kunne orientere seg i og kritisk vurdere eksisterande forsking på feltet, samt ta informerte og grunngjevne val i eiga forsking. Gjennom å utvikle brei forståing av forskingsprosess og forskingsmetode, skal studenten tileigne seg grunnlag for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har inngåande kunnskap om vitskapsteoriske perspektiv
- har avansert kunnskap om dei ulike fasane i ein forskingsprosess
- har avansert kunnskap om kvalitative og kvantitative design og metodar
- har kunnskap om sentrale statistiske omgrep og analysemetodar
- inngåande kunnskap om forskingsetikk
Studenten
- kan analysere og vurdere ulike forskingsmetodiske tilnærmingar
- kan grunngje og argumentere fram ulike val i ein forskingsprosess
- kan vurdere ulike typar utval, innsamling og analysar av data ut frå kor eigna dei er til å belyse gitte problemstillingar
Studenten
- har inngåande vitskapsteoretisk og forskingsmetodisk innsikt
- kan analysere og vurdere relevante forskingsetiske problemstillingar
- kan anvende fagområdet sine omgrep og uttrykksformer på ein nøyaktig og sjølvstendig måte
Emnet er organisert som fem samlingar à to dagar kvar, omlag kvar fjerde veke. Ei av samlingane vil bli digital. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, gruppearbeid og oppgåveløysing.
Frammøtekrav:
Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
Det er to (2) arbeidskrav på emnet. Begge må vere godkjende for å kunne ta eksamen. Arbeidskrava er:
- Oppgåve knytt til val av forskingsdesign (omfang 600 - 800 ord)
- Oppgåve i statistikk
- Barnehagekunnskap - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |