Semestre
BLUMGD306 Masteroppgåve
Fullført og bestått dei fire første emna i mastergraden med minimum karakter C i snitt.
Kandidaten skal planlegge og gjennomføre eit forskingsprosjekt og dokumentere dette i ei masteroppgåve som fyller krav til vitskapleg framstilling. Mastergradsprosjektet skal vere eit individuelt, sjølvstendig vitskapleg arbeid med relevans for arbeid i barnehage. Normalt skal masterprosjektet omfatte ei empirisk undersøking der studenten samlar inn eigne data, eller nyttar data frå eksisterande forsking.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har inngåande kunnskap om aktuell forsking, teori og metode med relevans for problemstillinga i masterprosjektet
- har avansert kunnskap om eit avgrensa, profesjonsretta forskingsfelt som masterprosjektet tek opp
- har inngåande kunnskap om formelle krav til ei vitskapleg oppgåve
Kandidaten
- kan utvikle forskbare problemstillingar som er relevante for barnehagefeltet
- kan velje relevant kunnskapsgrunnlag og nytte det kritisk som reiskap i forskingsprosjektet
- kan bruke føremålstenlege forskingsmetodar som bidreg til haldbare konklusjonar
- kan vurdere og ivareta etiske problemstillingar i forskingsprosjektet
Kandidaten
- kan analysere problemstillingar i barnehagefeltet og bidra til utvikling av dette
- kan formidle sjølvstendig arbeid og meistre relevant fagleg og akademisk terminologi
- kan planlegge og gjennomføre eit forskingsprosjekt
Det vert gjennomført to samlingar over to dagar. Det er krav om 70% frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.
Studenten skal utarbeide ein forskingsplan som må vere godkjent før sjølve oppgåvearbeidet kan starte.
Masteroppgåva skal gjennomførast som individuelt arbeid med rettleiing. Kvar student får oppnemnt rettleiar. Rettleiinga skal nyttast til å drøfte tekstutkast, val av litteratur, gje råd om eventuell datainnsamling og sikre at forskingsetiske retningsliner vert følgde.
Frammøtekrav: 70%
Bestått karakter på emne 305 Vitskapsteori og metode
Godkjende arbeidskrav
Arbeidskrav:
1. Førebels forskingsplan med utgreiing av forslag til problemstilling (1000-1500 ord).
2. Endeleg forskingsplan med utgreiing av forskingsmetode (2000 ord).
3. Kunnskapsgrunnlag og forskingsmetode (7000 ord).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Barnehagekunnskap - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Masteroppgåve | Individuell | 3 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Nærare retningslinjer for oppbygging og innhald vert gitt på samlingane. | Om lag 32 000 ord +/- 10 % (samandrag, føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg). |