Semestre

BLUMGD306 Masteroppgåve

Emnekode: 
BLUMGD306
Varighet: 
3 semester
Studiepoeng: 
45
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2025 Vår
2025 Haust
2026 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Master's thesis
Emnenavn på bokmål: 
Masteroppgave
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Krav til forkunnskapar

Fullført og bestått dei fire første emna i mastergraden med minimum karakter C i snitt.

Om emnet

Kandidaten skal planlegge og gjennomføre eit forskingsprosjekt og dokumentere dette i ei masteroppgåve som fyller krav til vitskapleg framstilling. Mastergradsprosjektet skal vere eit individuelt, sjølvstendig vitskapleg arbeid med relevans for arbeid i barnehage. Normalt skal masterprosjektet omfatte ei empirisk undersøking der studenten samlar inn eigne data, eller nyttar data frå eksisterande forsking. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om aktuell forsking, teori og metode med relevans for problemstillinga i masterprosjektet
  • har avansert kunnskap om eit avgrensa, profesjonsretta forskingsfelt som masterprosjektet tek opp
  • har inngåande kunnskap om formelle krav til ei vitskapleg oppgåve
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan utvikle forskbare problemstillingar som er relevante for barnehagefeltet
  • kan velje relevant kunnskapsgrunnlag og nytte det kritisk som reiskap i forskingsprosjektet
  • kan bruke føremålstenlege forskingsmetodar som bidreg til haldbare konklusjonar
  • kan vurdere og ivareta etiske problemstillingar i forskingsprosjektet
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere problemstillingar i barnehagefeltet og bidra til utvikling av dette
  • kan formidle sjølvstendig arbeid og meistre relevant fagleg og akademisk terminologi
  • kan planlegge og gjennomføre eit forskingsprosjekt
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det vert gjennomført to samlingar over to dagar. Det er krav om 70% frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.

Studenten skal utarbeide ein forskingsplan som må vere godkjent før sjølve oppgåvearbeidet kan starte.

Masteroppgåva skal gjennomførast som individuelt arbeid med rettleiing. Kvar student får oppnemnt rettleiar. Rettleiinga skal nyttast til å drøfte tekstutkast, val av litteratur, gje råd om eventuell datainnsamling og sikre at forskingsetiske retningsliner vert følgde. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: 70%

Bestått karakter på emne 305 Vitskapsteori og metode

Godkjende arbeidskrav

Arbeidskrav:

1. Førebels forskingsplan med utgreiing av forslag til problemstilling (1000-1500 ord).

2. Endeleg forskingsplan med utgreiing av forskingsmetode (2000 ord).

3. Kunnskapsgrunnlag og forskingsmetode (7000 ord).

Sensorordning
Maksimumstal: 
15
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnehagekunnskap - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
3 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Nærare retningslinjer for oppbygging og innhald vert gitt på samlingane.
Om lag 32 000 ord +/- 10 % (samandrag, føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg).
Godkjent av: 
Arne Myklebust